Mykje av næringsområdet i Kolskogen ligg innanfor omsynssona til nye E39 Stord-Os. Politikarane reagerer kraftig på at Statens vegvesen ser ut til å krevja full stopp i bygging av nye næringsbygg lang tid før ny E39 skal vera på plass. (Arkivfoto)
Mykje av næringsområdet i Kolskogen ligg innanfor omsynssona til nye E39 Stord-Os. Politikarane reagerer kraftig på at Statens vegvesen ser ut til å krevja full stopp i bygging av nye næringsbygg lang tid før ny E39 skal vera på plass. (Arkivfoto)

Ny E39-grense pressar Alutec AS

Alutec fryktar at dei må ut av Os for å ekspandera pga. ny motorveg forbi Kolskogen industriområde. - E39 som skulle gje nye arbeidsplassar, viser seg å føra til det motsette, tordna Harald Døsen (Ap) i PBU.

I utgangspunktet høyrde det ut som ei enkel sak Plan- og bygningsutvalet hadde til behandling torsdags føremiddag. Industribygget AS, eit søsterselskap til Alutec AS, har søkt om å få setja opp ein plasthall i industritomta deira i Kolskogen. Kommunen sa i utgangpunktet ja til planen. Men dei hadde med eit vilkår om at løyvet berre vart gjort gjeldande for to år sidan bygningen ligg inne i bandleggingssona for ny E39. Statens Vegvesen hadde bede om denne toårsgrensa. Øyvind Tøsdal hjå ansvarleg søkjar ByggConcept AS, forstod dette som eit forsøk på skjult ekspropriasjon, og klaga på vegner av Industribygget AS.

- Vil hindra Alutecs vekst i Os

Alutec AS har i 2016 kjøpt opp 2 andre verksemder - ei i Norheimsund og ei i Kristiansand. Tanken bak desse oppkjøpa er å flytta størsteparten av desse verksemdene i Os. Den omsøkte plasthallen skal tena aktiviteten i desse to verksemdene.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Blir vedtaket frå Os kommune ståande, skapar dette store hindringar for ekspansjon av Alutec AS si verksemd. Dei kan då bli tvunge til å føreta vidare ekspansjon i andre kommunar. Då vil dette skje i Kvam eller i Kristiansand, og ikkje i Os, heiter dei klagen på vegner av Alutec/Industribygget.

Vidare kalla Tøsdal dette for regelrytteri, og ei praktisering av regelverket som ikkje tek høgd for korleis ein kan utvikla lokalt næringsliv og skapa lokale arbeidsplassar.

- Skulle ikkje E39 gje nye arbeidsplassar?

Då politikarane skulle diskutera saka, var Harald Døsen rask med å dra fram dette som nok eit døme på kva som er gale med E39 Stord-Os.

- No får me det første døme på kor gale det er. Me har høyrt at nye E39 skulle skaffa arbeidsplassar, men her risikerer me å mista arbeidsplassar i staden. Dette er veldig firkanta frå Statens Vegvesen si side, sa Døsen, og viste til at det ikkje var noko spesielt som skulle skje om to år som gjer at Statens vegvesen har behov for tomta då.

- For tidleg med byggjeforbod

Gustav Bahus viste til at politikarane for ikkje lenge sidan har godkjent eit nybygg ved Fløysand som ligg nærare vegen enn denne plasthallen.

- Me kan ikkje ha byggje- og deleforbod på dette tidspunktet, sa han.

Terje Sperrevik reagerte på at sjølv om Statens vegvesen ikkje veit eksakt kor vegen kjem, vel dei å bandleggja eit svært stort område på kvar side av vegen. Omsynssona er på 250 meter.

Han spurde administrasjonen kvar saka går til avgjerd, dersom politikarane ga klagar medhald.

Artikkelen held fram under annonsen.

Renate Nyland Halstensen svarte at vedtaket då ville bli sendt til Statens vegvesen for uttale, før det til sist vil gå til Fylkesmannen.

Fann løysing som stettar båe ønske

Harald Døsen føreslo at politikarane burde endra vedtaket frå 2 års midlertidig til å gje løyve uavgrensa i tid fram til Vegvesenet har bruk for det. Vilkåret var at tiltaket må rivast for grunneigars kostnad den dagen Statens vegvesen har behov for det.

Kristin Søfteland-Larsson som har god kjennskap til slike saker gjennom sin bakgrunn i Statens vegvesen, støtta Døsen sin tanke. - Den vil sørga for at behovet både til Vegvesenet og tiltakshavar blir ivareteke, sa ho.

Terje Sperrevik var uroa for om ein vil sjå ei røys av slike saker dersom Vegvesenet si meining vert ståande.

- Dette kan skapa presedens. Kva blir neste sak? spurde han.

Vedtaket

Politikarane gjekk samrøystes inn for å gje klagaren medhald, og formuleringa om at vedtakets midlertidige karakter blir fjerna. Frp/H ville ha med ein faktaopplysning om at det nyleg er gjeve løyve til å permanente bygg nærare vegen. Dette vart også vedteke, mot KrF og TvS sine to røyster.