Ny fylkesvegbru på plass

Alt gjekk etter planen då Veidekke denne helga støypte nye fylkesvegbrua over Lysklostervegen i helga.

Det opplyser kommunikasjonsrådgjevar i Statens Vegvesen, Geir Brekke.

- Ein samanhengande betongleveranse på 522 kubikk måtte til for å byggje brua ved Endalausmarka gjennom laurdagen, fortel Brekke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brua er på to spenn, på 22 og 26 meters lengde.

Andre brua i år

Dette er den andre brua som er bygd i år på denne fylkesveg-armen mellom E39 og det som kan bli eit framtidig utbyggingsområde vest mot Lysefjorden.

- No er det nedrigging av forskalinga som står att. Forma skal løysast frå betongen. Heile forskalingsforma vil seinare bli løfta vekk frå brua. Når dette skjer, vil det på nytt vere behov for å stenge vegen nattestid, opplyser Brekke.