Melkesvingen: Ver obs på kø i retning Os.

Ny kø på E39, men ikkje asfalt denne gongen

Eit kaputt lyskryss rett før Melkesvingen skaper kø i retning Os.

— Vi har problem med eit lyskryss der intervalla ikkje fungerer, seier trafikkoperatør Tor Evensen på Vegtrafikksentralen.

For å bøta på problemet, er lysreguleringa kopla ut til fordel for blinkande gult lys.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lyskrysset det er snakk om, står like før den såkalla Melkesvingen på veg opp Vallaheiane i retning Os.

Trafikkoperatøren forklarer at ein elektroentreprenør er på veg for å reparera trafikklyset, men han er ikkje framme før om ein time.

— Det vil nok byrja løysa seg opp no som lyset er kopla ut, og i alle fall når ein når toppen av Vallaheiane.

Les også
— Brukte ein time frå Søfteland til Skjoldskiftet
Les også
Lang kø onsdag ettermiddag: – Dei burde ha venta med vegarbeidet til nye E39 opnar
Les også
Denne asfaltkanten skapte lange køar på E39: — Det er berre å beklaga. Nokre gonger rammar me trafikantane