34: 34 tunge køyretøy var over kontrollplassen under tysdagens kontroll.

Ny kontroll tysdag. Dette vart resultatet

Stilte seg opp på Svegatjørn kontrollplass.

34 tunge køyretøy var over kontrollplassen under tysdagens kontroll.

– Alle kjøretøy som var innom kontrollplassen, blei slått opp i vårt kontrollsystem for å sjekka periodisk kontroll og forsikring, opplyser vegvesenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudfokuset i kontrollen var på teknisk, vekt, dekk, kjetting, dokument og køyre- og kviletid.

Dette var resultatet av tysdagens kontroll:

1 stk. køyretøy fekk teknisk mangel grunna feil med blinklys.

2 stk. køyretøy fekk teknisk mangel på feil med lys.

6 stk. førarar blei kontrollerte på køyre- og kviletid. Her blei det gitt til saman 12 skriftlege åtvaringar for brot på reglementet.

1 stk køyretøy fekk mangel på ikkje godkjent kran.

– Ellers var det bra stilt med dei andre som blei kontrollerte i dag, avsluttar vegvesenet.

Vinterutrusting

Statens vegvesen opplyser at dei no er i perioden for vinterutrustning på køyretøya. Dette er datoane som er verd å merka seg for køyretøy over 3500 kg.

1. november - krav til 5 mm mønsterdjupne og kjettingar skal vera med.

15. november - krav til såkalla 3 peak snow flake vinterdekk-merking, på styrande hjul framme og alle drivakslar. Resterande akslar skal vera merka med M+S. Tilhengarar skal vera merka med M+S.

Vegvesenet opplyser at dei kjem til å ha fokus på dette gjennom vinteren.