2017 blei eit rekordår for AMFI Os. No gler senterleiar Silje Lygre seg til 2018, som er 30-årsjubileumet til senteret.
2017 blei eit rekordår for AMFI Os. No gler senterleiar Silje Lygre seg til 2018, som er 30-årsjubileumet til senteret.

Ny omsetningsrekord på AMFI Os

I 2017 omsette AMFI Os for 579,6 millionar kroner – noko som tilsvarar ein auke på 2,07 prosent.

– Dette er vi utruleg nøgde med. Eg rettar ein stor takk til alle drivarane og tilsette på huset som har gjort ein formidabel innsats i året som gjekk, skriv senterleiar Silje Lygre i ei pressemelding.

Viktig å nytta lokale tilbod

Vidare skriv ho at julehandelen på senteret blei svært god, og frå startskotet gjekk på Black Friday og fram til julaftan hadde senteret ein auke på 8 prosent i forhold til i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har mange lokale drivarar på senteret i tillegg til dei litt større kjedene, og det er klart at det krev mykje av alle, både store og små, å driva med detaljhandel i dag. Vi er difor svært takksame for at kundane vel å handla hos oss, og det er gledeleg at senteret kan sjå tilbake på nok eit år med positiv utvikling. Det er viktig å nytta seg av dei lokale tilboda vi har her i Os, både på senteret, i Os sentrum og områda kring – slik at vi som kommune kan halda fram med å veksa saman og tryggja gamle, men også skapa nye arbeidsplassar.

Til slutt legg Lygre til at dei gler seg til 2018.

– 14. april er det 30 år sidan senteret opna dørene. Dette skal vi så klart feira gjennom året.