Slik kan nye Baronsgården bli sjåande ut med ein tilbaketrekt femte etasje.
Slik kan nye Baronsgården bli sjåande ut med ein tilbaketrekt femte etasje.

Ny plan for Baronsgården

Framlegget til Oshjørnet/Baronsgården er teikna heilt på nytt. Det nye bygget er høgare og har plass til fleire husvære.

Paal Herland i Os bygg og Eigedom forklarer at det gamle forslaget var vanskeleg å gjennomføra både teknisk og økonomisk, og at dei difor måtte setja seg ned og tenkja heilt nytt.

- Me sette ned ei eiga prosjektgruppe beståande av ingeniørar og arkitektar og teikna eit heilt nytt prosjekt, seier Herland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fem etasjar

Ein av konklusjonane frå prosjektgruppa var at Oshjørnet har ein verdi, og at det nye prosjektet må ta utgangspunkt i rammene som ligg der.

- Det inneber at me vil bruka det eksisterande betongskjelettet i den nye konstruksjonen. Denne delen vert i fire etasjar, medan resten av bygget får ein tilbaketrekt femte etasje, seier Herland.

Bygget dei presenterte i 2014 hadde fire etasjar. Han forklarer at dei no har vore i dialog med administrasjonen om dette, og har vist til at sentrumsplanen tek høgd for bygg med fem etasjar (øvste etasje tilbaketrekt).

Næring i første etasje

Ei anna endring er at det no blir lagt opp til å ha husvære i staden for næring i andre etasje.

- Eigentleg bør ein ha næring i dei to nedste etasjane, men bygningskonstruksjonen toler ikkje næring i andre etasje, forklarer Herland.

Den suksessrike strikkebutikken i Landboden blir med vidare inn i det nyoppussa bygget. Elles ser det ut til å bli plass til tre nye leigetakarar fordelt på 250 kvm.

- Her er me i dialog med ulike næringsaktørar. Eg er ikkje bekymra for at me ikkje skal få inn nokon - no for tida er det eit jamnt av interessentar som ønskjer å etablera seg på Osøyro, seier Herland.

Fleire husvære

På grunn av endra fordeling mellom næring og bustad har dei no fått plass til 26 husvære mot 19 tidlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er dette på grunn av den store etterspurnaden etter slike husvære?

- Det er det eine. Det handlar også om økonomien i prosjektet. Kalkylane våre tilseier at dette er eit ganske dyrt prosjekt. Då må me utnytta plassen mest mogleg, seier Herland.

Vonar Os-firma vil vera med

Medan dei i sist runde såg føre seg ein totalentreprise, har dei no tenkt å dela rehabiliteringa opp i delentreprisar.

- Me vonar at det opnar opp for at også mindre firma kan vera med og by. Då vonar me at firma med adresse Os også vil delta, seier Herland.

Anbudet vert truleg sendt ut i midten av januar. Herland vonar at dei kan vera i gang med ombygginga/rehabiliteringa til sommaren.

- Det er avhengig av at den politiske behandlinga går greitt. Det nye prosjektet me har presentert har i alle fall blitt godt motteke av administrasjonen i Os kommune, avsluttar Herland.