Søre Øyane barneskule får ein sprek rektor. Her 

frå toppen av Møsnuken.
Søre Øyane barneskule får ein sprek rektor. Her frå toppen av Møsnuken.

Ny rektor ved Søre Øyane barneskule

Gunnhild Hansen (46) går frå lærarstilling ved Kuventræ skule til rektorjobb ved Søre Øyane barneskule.

- Det blir spennande å prøva noko nytt. No var tida inne for å søkja nye utfordringar, seier Gunnhild Hansen som nyleg vart tilsett som ny rektor ved Søre Øyane barneskule. Noverande rektor Elin Skaatun er som kjent tilsett som ny rektor ved Lunde skule.

Hansen har budd i Os sidan ungdomen og vore lærar ved høvesvis Os, Søfteland og dei siste 15 åra ved Kuventræ skule. Ho har særskilt kompetanse innan IKT og spesialpedagogikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva rektor får Søre Øyane barneskule i deg?

- Eg trur eg skal venta litt med å koma med nokon programerklæringar. Førebels ser eg mest fram til å helsa på dei nye kollegane mine og høyra kva dei kan fortelja meg om skulen.

Saman er vi best

Hansen legg likevel ikkje skjul på at ho er begeistra for heim-skule-prosjektet «Saman er vi best» somnyleg var omtalt i Os & Fusaposten.

- Eg las faktisk om det dagen etter at eg hadde vore på intervju. Det er eit prosjekt som er heilt i mi ånd, så eg tenkte at det ville vera fantastisk å få bli rektor på ein slik skule. Eg gler meg til å bli med på det og arbeida saman med engasjerte foreldre og ei bygd som hegnar om skulen sin, seier Hansen oppglødd.

Om alt går etter planen, tek Hansen til i den nye stillinga i løpet av januar.