Det har lenge vore planlagt at det skal koma ein restaurant for orientalsk mat i  førstehøgda i Fagerthunbygget. I starten av februar er det klart for opning.
Det har lenge vore planlagt at det skal koma ein restaurant for orientalsk mat i førstehøgda i Fagerthunbygget. I starten av februar er det klart for opning.

Ny restaurant nærmar seg opning

Det har lenge vore kjent at det kjem restaurant i Fagerthun-bygget. «Orion» restaurant opnar neste månad.

Det har vore ein lang prosess med å ominnreia dei gamle lokala til Fagerthun AS og Kleiven Kjøtt til restaurant-lokale. Eigar Anders Fagerthun har også måtta søkt om bruksendring av lokala før han no kan gje klarsignal til sine nye leigetakarar.

- Konseptet som kjem inn her får namnet Orion Restaurant, og dei vil servera orientalsk og norsk mat, fortel Fagerthun.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at kebab også blir ein del av mattilbodet i restauranten.

Relativt stort lokale

Ved å ta i bruk lokala til Fagerthun AS og Kleiven Kjøtt får den nye restauranten eit samla lokale på i overkant av 130 kvadratmeter.

- Det er blitt eit stort og ope restaurant-lokale. Slik me har restaurert vert dette ein plass for å sitja og eta, og ikkje berre for å stikka innom å ta med seg det ein kjøpar, seier huseigar Fagerthun.

Mannen som skal stå for restaurant-drifta er Yavuz Vahdettin. Han er utdanna kokk og driver også ein annan restaurant i Bergen.

- Han har lang fartstid i bransjen og kjem med eit utprøvd og vellukka konsept, som me trur og håpar vil fungera i Os også, seier Fagerthun.

Restauranten vil ha skjenkeløyve for øl og vin.