Stort press: Smittesporingskapasiteten er under høgt press. Det same er helsehjelpkapasiteten i institusjon og til heimebuande.

Ny smitterekord igjen. Over dobbelt så mange smitta som veka før

Det opplyser kommunen måndag ettermiddag.

Det blei registrert 121 nye smitta (PCR-testar ved teststasjonen) i Bjørnafjorden kommune i veka som gjekk. Dette er dobbelt så mange som veka før og det høgaste talet på smitta i løpet av ei veke i kommunen vår. Det skriv kommunen på sine heimesider.

Dei smitta er:

Artikkelen held fram under annonsen.

56 barn og unge, i alderen 0 til 17 år.

65 vaksne (over 18 år).

Vaksinasjonsstatus

39 % av dei smitta er fullvaksinerte

20 % delvis vaksinerte

41 % uvaksinerte.

Les også
– Er truleg berre snakk om dagar før vi har omikron hjå oss også

Her vart dei smitta

41 % er smitta i husstanden, 19 % er smitta i samband med utbrot på skular, 8 % på jobb og 8 % på fritida.

79 % har kjend smitteveg- 21 % har ukjend smitteveg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette skriv kommunen om risikovurderinga etter dei nye tala: «Det er høge smittetal. Vi har auka sjukefråvær og stort press på tenestene. Smittesporingskapasiteten er under høgt press. Det same er helsehjelpkapasiteten i institusjon og til heimebuande - som eit resultat av totalsituasjonen, ikkje berre pandemien isolert sett».

– Vi følgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka for å samordna anbefalingar og tiltak i vår felles bu- og arbeidsregion, skriv kommunen.