Folk som utgjev seg for å vera frå Microsoft er på ny telefonsvindel-runde i Os.
Folk som utgjev seg for å vera frå Microsoft er på ny telefonsvindel-runde i Os.

Ny svindelrunde: Mange osingar har gått i Microsoft-fella den siste tida

– Om det er nokon som ringjer og seier at dei er frå Microsoft, så legg på og blokker nummeret, seier politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Sissel Becker.

Frå tid til annan har det vore eit problem at nokon, som seier at dei er frå Microsoft, ringjer rundt til folk og seier at det er eit problem med datamaskinen til dei som blir kontakta. Dette skal dei tilsynelatande hjelpa til med. Dei gjer det dei kan for å få ut sensitiv informasjon, og dei skal vera utruleg pågåande og overbevisande, fortel Becker.

– Dei er skikkeleg på, blir det meldt frå om. Dei som er blitt lurt, har sagt at dei som tek kontakt er overbevisande, og at dei på den måten har enda opp med å gje frå seg sensitiv informasjon – for så å bli svindla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fem osingar er svindla den siste tida

Vidare fortel Becker at det berre er til å leggja på og gjerne også blokkera nummeret.

– Det er ikkje uhøfleg å leggja på når ein blir ringt opp på denne måten. Berre sleng på røret. Om nokon ringjer frå Microsoft, så er det nesten garantert svindel på gang, for dei ringjer ikkje rundt og seier at det er problem med datamaskinen din.

– Kor mange osingar er det som har blitt svindla den siste tida?

– Det er fem tilfelle av svindel, men det er mange utanom dei også som tek kontakt med oss og fortel at dei er blitt forsøkt lurt. Det er tydeleg at dette er blitt eit problem igjen, seier Becker.