Stengd: På dette strekket blir eit køyrefelt stengd frå august av.

Ny gravejobb ved Os sentrum: Stengjer eit køyrefelt i ein månad

Tilrådd omkøyring går via Moberg til E39.

Det skriv Vestland fylkeskommune på heimesida si.

I ei driftsmelding blir det opplyst at eit køyrefelt på Byvegen ved Osøyro, blir stengd.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eit køyrefelt og eit fortau blir stengd for trafikk på Byvegen utanfor YX-bensinstasjonen frå august til september, skriv fylkeskommunen.

Det er snakk om kring 100 meter med veg som blir stengd, og det blir lysregulering i området.

Vestland fylkeskommune er i gang med å utbetra røyrsystemet under Byvegen.

Butikken 7-eleven er open, skriv fylkeskommunen, men bensinstasjonen blir stengd og det blir ikkje sal av drivstoff frå veke 28 til arbeidet med røyrsystem i grunnen er ferdig.

Prosjektleiar Marius Navarsete Lydvo opplyser at krysset opp til Stegen og krysset opp til Holtbrekka, ikkje vil bli råka som følgje av vegstenginga.

– Vi stengjer eit køyrefelt mellom desse kryssa. Gangvegen vil også bli stengd, seier han.