På pressekonferanse: Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad, helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, statsminister Jonas Gahr Støre og FHI-direktør Camilla Stoltenberg under pressekonferansen om koronasituasjonen i Noreg fredag.

Nye koronatiltak: Tredje vaksine til alle vaksne og bruk av koronapass innanlands

Alle over 18 år skal få tilbod om ein tredje vaksinedose, og kommunane kan ta i bruk koronapass for å unngå å stengja ned tilbod.

Det opplyste regjeringa på ein pressekonferanse om koronasituasjonen fredag.

Personar mellom 18 og 64 år skal få tilbod om ein oppfriskingsdose med koronavaksine når det har gått minst seks månader etter andre vaksinedose.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette kan bidra til betre vern mot sjukdom og hindre smittespreiing.

– Men vi treng meir kunnskap om dette. Derfor har vi bede FHI om å gjera løpande vurderingar av nytte og risiko ved oppfriskingsdose for vaksne, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Kommunane skal prioritera å gi første og andre vaksinedose til dei som enno ikkje har fått det, og dessutan oppfriskingsdose til dei over 65 år, dei med svakt immunforsvar og til helsepersonell, før personar mellom 18 og 64 år for tilbod om tredje dose.

Koronasertifikat for å unngå nedstenging

Fleire kommunar har ønskt å bruka koronasertifikat for å unngå nedstenging, avstandskrav og maksimaltal, opplyser helseministeren.

– Vi vil raskt innføre ei forskrift som gjer at kommunane kan bruka koronasertifikat for å lempa på lokale koronareglar, seier ho.

Dei som har grønt koronasertifikat, er vaksinerte, personar som er immune fordi dei har hatt korona, eller har ein negativ koronatest.

Regjeringa skal sjå nærare på meir utbreidd bruk av koronasertifikat nasjonalt.

– Vi vil vurdera om koronasertifikat kan vera aktuelt som eit tiltak for å halda smitten nede, til dømes på utestader, konsertstader, idrettsarrangement, kinoar og teater. No som alle har fått tilbod om vaksine, er det lettare å sjå for seg at ein kan bruka koronasertifikatet for å forhindra stor spreiing av smitte, seier Støre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye krav om testing for uvaksinerte

Det kjem òg nye krav til testing. Uvaksinerte personar over 18 år som bur saman med ein som er smitta av korona, får no plikt til å testa seg. Dette gjeld frå 16. november.

Testplikta gjeld til det har gått sju dagar sidan siste gong ein hadde nærkontakt med den smitta. Ein må testa seg kvar dag i sju dagar med sjølvtest eller annankvar dag med PCR-test.

Bur du saman med ein som er smitta, bør du vera heime til du har fått negativt svar på den første testen.

Uvaksinert helsepersonell bør testast og bruka munnbind

Uvaksinert helsepersonell bør testast to gonger i veka og få klar beskjed om å bruka munnbind, meiner regjeringa. Helsedirektoratet vil senda ut retningslinjer om dette til kommunane, seier Kjerkol.

Ho understrekar at det som kan snu smitteutviklinga, er dei same tiltaka vi er kjende med frå før:

– Det er viktig at alle held seg heime ved sjukdom, testar seg og isolerer seg ved påvist koronasjukdom.