Det kan sjå ut til at tjuveria på Boga i mars, går mot ei oppklaring. Men tjuvgodset er framleis borte. (Arkivfoto)
Det kan sjå ut til at tjuveria på Boga i mars, går mot ei oppklaring. Men tjuvgodset er framleis borte. (Arkivfoto)

Nye spor i gamal sak

I mars fekk politiet i Fusa seks saker å hanskast med over natta. Fleire motorsager og kantklipparar vart stolne frå garasjar på Boga. Først vart sakene lagt bort, men no har det dukka opp nye spor.

Sjølv om tjuvgodset som vart stole frå Fusa i mars så langt ikkje har kome til rette, er sakene på ny under etterforsking. Politiet har nemleg nokre mistenkte.

- Vi mistenkjer utanlandske statsborgarar. Dei er mistenkte for tilsvarande forhold andre stader også, opplyser politiførstebetjent ved Fusa lensmannskontor, Ove Ivarhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var spor i dei andre sakene som gjorde at politiet kunne knytta personane opp mot forholda på Boga.

- Dette er folk som reiser rundt frå stad til stad. Dei høyrer ikkje heime i Fusa, fortel Ivarhus.

Kva som hender med personane som er mistenkte i saka, har Ivarhus førebels ikkje kjennskap til, men han fortel at politiet i Fusa kjem til å samordna opplysningane sine i saka med andre politikontor i Hordaland.