Nye opplysningar om Trine Frantzen gjer at politiet i Bergen no gjer nye undersøkingar og avhøyr i den 14 år gamle saka.
Nye opplysningar om Trine Frantzen gjer at politiet i Bergen no gjer nye undersøkingar og avhøyr i den 14 år gamle saka.

Nye undersøkingar i Frantzen-saka

14 år etter at Trine Frantzen forsvann gjer politiet no nye undersøkingar for å koma til botns i kva som skjedde med osingen.

Det er Dagbladet som skriv om dette i dagens utgåve. Ifølgje avisa har politiet i Bergen starta nye undersøkingar kring Frantzens forsvinning som følgje av nye opplysningar i saka.

– Innhaldet i tipsa me får inn varierer, men me har fått inn opplysninger som gjer at me ønsker å sjå nærare på ein del ting og gjera fleire undersøkingar. Me har også gjort fleire nye avhøyr i saka, seier påtaleansvarleg Ole Bjørn Mevatne til Dagbladet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lagt vekk i 2007

Trine Frantzen forsvann sporlaust i mai 2004. I ettertid fekk politiet sterk kritikk for ikkje å ha starta etterforsking i saka før om lag tre månader etter at ho vart meldt sakna.

I 2007 vart to personar, mellom anna Frantzens sambuar, sikta i saka, men denne saka vart lagt vekk grunna bevisets stilling.

Os og Fusaposten har ikkje lukkast med å koma i kontakt med påtaleansvarleg Mevatne onsdag.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no