Farevarsel: Det vil bråka kraftig i Fusa-bygdene onsdag kveld.

Nytt farevarsel deler Bjørnafjorden i to

Eikelandsosen får, Osøyro truleg ikkje.

Dagen etter at Bjørnafjorden såvidt gjekk klar eit farevarsel for regn, har Meteorologisk Institutt sendt ut gult farevarsel for lyn og torevêr.

Les også
Har utvida farevarselet: Hit, men ikkje lenger.

Frå onsdag ettermiddag og kveld er det fare for torevêr med mykje lyn for heile Vestlandet, minus kyststroka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vil vera lokale forskjellar i intensitet, og nokre stader vil ikkje få torevêr.

Grensa for farevarselet går denne gongen midt i Fusafjorden. Det betyr at fusingane må bu seg torevêr, medan osingane ser ut til å sleppa det verste ståket.

Som alltid gjeld det å unngå bading i sjø og vatn, fjellturar samt opne sletter og store tre.

Det kan koma lokalt kraftige regnbyger, hagl og til og med større hagl som kan føra til skade på til dømes bil eller avling.