Fjellheim: To innbrot på to dagar.

Nytt innbrot i Fjellheim

For andre gong på ei veke har nokon tømt eit pulverapparat inne i det gamle kulturhuset.

Politiet i Bjørnafjorden fekk fredag kveld ein telefon om at det nok ein gong har vore innbrot og skadeverk på Fjellheim i Os sentrum.

Då var det berre to dagar sidan sist nokon tok seg inn og gjorde hærverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit vindauge på bygget er knust og det er brukt pulverapparat inne i bygget.

Forholdet vert meldt.