Lang ventetid: Det er lang ventetid på å få passtime. No kan eit nytt problem gje ytterlegare forseinkingar.

Nytt passproblem gjev ytterlegare utfordringar

Ser alvorleg på problemet.

I ei pressemelding tysdag, opplyste justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl at ho har hasteinnkalla Thales, som leverer pass til ei rekkje land — inkludert Norge — til eit møte.

— Eg har i dag blitt gjort kjend med at produsenten av norske pass og ID-kort har fått redusert produksjonskapasitet og kan få problem med å levera tilstrekkeleg med pass til nordmenn og borgarar av fleire europeiske land. Regjeringa ser alvorleg på situasjonen og eg har innkalla Thales til eit hastemøte for å høyra korleis dei har tenkt å handtera dette, seier Enger Mehl i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politidirektoratet har fått informasjon frå Thales om at det er auka feilrate ved produksjonen av pass i tillegg til at det er råvaremangel til passbøker som resulterer i redusert kapasitet hos Thales.

— Regjeringa meiner det er uakseptabelt om mange nordmenn blir ståande utan moglegheit til å legitimera seg med pass eller ID-kort over lang tid, og forventar at Thales set i verk tiltak så snart som råd, seier Mehl.

Ikkje ledig: Då vi forsøkte onsdag ettermiddag, var det ikkje mogleg å få time for å fiksa nytt pass ved Bjørnafjorden politistasjon dei neste månadene.

Ved Bjørnafjorden politistasjon blei det nyleg tredobla kapasitet på pass, etter at det har vore vanskeleg å få time. Sjølv etter at kapasiteten gjekk monaleg opp, er det vanskeleg å finna ledig time. Vi forsøkte onsdag ettermiddag, men fekk beskjed om at det ikkje var mogleg å finna ledig time.