Luranetunet: Sjukeheimen på Os har fått fleire tilfelle av koronaviruset siste veka.

Nytt utbrot på Luranetunet. Smitte på nesten alle skular og barnehagar.

960 personar fekk påvist covid-19 sist veke.

Bjørnafjorden kommune melder i dag at smittetala omtrent er dobla frå veka før og sterkt stigande.

— I tillegg har vi utbrot på ein av sjukeheimane våre, og smitte i nesten alle skular og barnehagar, skriv dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er registrert 468 positive PCR-svar og 492 innmelde positive sjølvtestar i veke 5. Totalt er 960 positive testar registrert.

Luranetunet

Det er registrert enkelttilfelle av smitte blant både tilsette og bebuarar på fleire avdelingar ved Luranetunet, og utbrot ved ei avdeling, kor to pasientar er smitta.

— Vi har høg og aukande smittespreiing, auka sjukefråvær, stor belastning på fastlegar og legevakt (ikkje berre koronarelatert), utbrot i institusjon (sjukeheim) og utfordringar med å ta imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehus, heiter det frå kommunen.

Det skal ikkje vera nokon auke i alvorlege sjukdomsforløp og innleggingar.

Presset på tenestene, også skule og barnehage, er framleis stort.

— Vi følgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka for å samordna anbefalingar og tiltak i vår felles bu- og arbeidsregion.

Desse er registrert smitta:

20 prosent born 0-12 år

23 prosent born og unge 12-18 år

Artikkelen held fram under annonsen.

31 prosent vaksne 18-44

12 prosent vaksne 45-64 år

2 prosent vaksne over 65 år

12 prosent ikkje registrert alder

Pleie, omsorg, skular og barnehagar

Tilgangen til personell og kritisk kompetanse er som sagt samla sett utfordrande.

Innan pleie og omsorg vert det føreteke omdirigering av personell, rulleringsopphald vert stoppa og det er framleis eit redusert dagsentertilbod. Dette for å sikra nok folk til sjukeheimane og heimesjukepleien.

Frivillige frå sanitetsforeiningar hjelper til på sjukeheimane ved behov.

Det er smitte på dei fleste skulane, både hos elevar og tilsette. Fleire vaksne blir sjuke og er heime, og vikarsituasjonen er utfordrande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fem barneskular og to ungdomsskular har høge smittetal per i dag. Det er utfordrande å gi opplæringstilbod, men vi vurderer situasjonen frå dag til dag, melder fagsjef skule, Janne M. E. Eik.

I barnehagane varierte fråveret i veke 5 frå 0 til 41 prosent. Styrarane går inn og dekker yttervakter. Nokre av barnehagane har måtta redusere opningstida på enkeltavdelingar.

Også smittesporings- og testkapasiteten er utfordrande på grunn av stort sjukefråvær og stor pågang.

923 PCR-testar vart teke på teststasjonane i veke 5.