(Illustrasjons
(Illustrasjons

Nyttårsfyrverkeri i Os hamn

Os kommune inviterer næringsliv og privatpersonar til spleiselag for fyrverkeri i Os hamn nyttårsaftan.

Det kjem til å smella godt på Haugsnesmoloen på nyttårsaftan. Der skal nemleg Os kommune arrangera stort, felles fyrverkeri. No inviterer dei både det lokale næringsliv og privatpersonar til å delta i spleiselaget.

- Ved å arrangera eit felles fyrverkeri, utført av fagfolk, sikrar vi ei trygg og forsvarleg oppskyting med redusert risiko for skadar - samstundes som vi alle får oppleva eit heidundrande fyrverkeri, skriv Os kommune på si heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pyroteknikarfirmaet ProPyro skal stå for oppskytinga og kommunen inviterer alle osingar til å ta del i fyrverkeriet frå kaiene i Os hamn ved midnatt.