Blei overraska: Harald og Olaug Marie Bjørndal blei overraska heime.

Olaug Marie og Harald heidra for “eit heilt liv i teneste” som frivillige

Sjølv om det var vanskeleg å velja, er Victoria Tverli Dale klar på at dei har funne veldig verdige vinnarar av frivilligprisen.

Det blei ikkje delt ut frivilligpris i fjor. Difor ville Fusa frivilligsentral dela ut pris for i fjor og for 2020.

— Alle kandidatane som blei nominerte, var gode. Det var vanskeleg for styret i frivilligsentralen å velja ein vinnar. Vinnarane blei ekteparet Olaug Marie og Harald Bjørndal. For “eit heilt liv i teneste for hålandsdalsbygda og enkeltmenneske”. Dei er i alle krikar og krokar, er primus motorar når det gjeld bygdalaget, skulen, barnehagen, kyrkja, musikklaget, julekonsertar, Hålandsdalen matfestival, Husflidlaget, Bruktbo, Holdhus gamle kyrkje og andre arrangement, seier Tverli Dale, leiar i frivilligsentralen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mykje av det overnemnde ville sannsynlegvis ikkje ha funne stad, hadde det ikkje vore for ekteparet Bjørndal sine initiativ, fortel Tverli Dale.

— Det er ikkje berre det at dei tek initiativ. Dei planlegg, involverer mange andre — ofte heile bygda, gjennomfører og tek etterarbeidet.

Utdeling: Victoria Tverli Dale, Hans Vindenes og ordførar Trine Lindborg dukka opp på døra til ekteparet for å dela ut prisen.

Dei får vidare skryt for å vera flinke til å sjå og inkludera alt frå nytilflytta til eldre personar.

— Alt er gjort på dugnad og frivillig basis — med ønske om “liv og trivsel for alle i bygda».

Olaug Marie Bjørndal fortel at dei to blei veldig overraska då dei fekk frivilligprisen, men at det sjølvsagt er utruleg kjekt.

— Det er mange andre som hadde fortent prisen også, seier Olaug Marie, og legg til at ho meiner at dei er heldige som har fått lov til å ta del i å så mykje frivillig arbeid.

Les også
Bruker fritida til å vera med demenspasientar på Fusa bu- og behandlingssenter

— Når ein jobbar som frivillig og steller i stand til ting og tang, får ein ofte gode tilbakemeldingar. Det gjer godt, og det gjer at ein ønskjer å halda fram med det. Det er ikkje alle som har høve til å gjera slikt arbeid, og det er ikkje alle som har helse til å halda fram så lenge som vi har gjort.

2020 har vore eit annleis år, og det har blitt mindre frivillig arbeid enn normalt for dei to. Harald er 74 år og framleis i jobb. Olaug Marie fortel at ho er mest i Bruktbuo til frivilligsentralen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det har ikkje vore så mykje anna i år. Vi får tenkja på kva vi kan finna på til neste år, seier ho og smiler.