Det blir ikkje heilt sommar, men temperaturen denne veka vil liggja langt over normalen.
Det blir ikkje heilt sommar, men temperaturen denne veka vil liggja langt over normalen.

Onsdag kan vi få 16 grader og fint vêr (!)

– Vi er inne i ein veldig mild periode, fortel vakthavande meteorolog.

Etter ein flott sommar, fekk vi nokre månader med regn, regn og atter regn. Det gjer det ekstra gledeleg å sjå vêrmeldinga for denne veka.

– Det ligg eit høgtrykk i Russland som gjer at vi får mildt luft frå søraust. Det gjev milde dagar, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Mette Skjerdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Langt over normalen

Temperaturen vi etter sigande kjem til å få denne veka, er ikkje normalt. Kvar dag ser det ut til å bli over 10 grader.

– Onsdag peikar seg ut som den varmaste dagen denne veka, men det blir fint heile veka. Det kan koma litt nedbør på torsdag og i helga, men elles blir det opphald og periodar med litt sol. Den kan bli frisk bris eller liten kuling på dei mest utsette stadene, fortel Skjerdal og legg til:

– Det er mildt for denne årstida. Det er ingen normal for verken Eikelandsosen eller Os, men normalen i Bergen i november er 4,6 grader. Altså langt over normalen.