Slik ser småhusa som Stord kommune har bygt ut.
Slik ser småhusa som Stord kommune har bygt ut.

Ønskjer å byggja mikrohus for rusavhengige

Administrasjonen ønskjer å byggja mikrohus for dei tyngste rusmisbrukarane for ikkje å øydeleggja den positive utviklinga på Vartun.

I tenesteutvalet i dag fortalde einingsleiar ved Vartun, Arve Frostad, om ei svært positiv utvikling ved bustadkomplekset for rusavhengige. Det er blitt mindre rus, fleire har kome seg i arbeid og mange har fått meiningsfylt aktivitet spesielt som følgje av prosjektet kalla Livskvalitet. Ei ung kvinne fortalde politikarane om korleis heile livet hennar var blitt forvandla gjennom prosjektet. Frå å vera ein tung rusmisbrukar med psykiske problem, har ho no blitt rusfri. 

– Modellen vår blir kalla Os-modellen, og den blir no lagt merke til langt ut over kommunens grenser, sa Frostad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mikrohus etter modell av Stord

Eva-Mari Solberg, einingsleiar for helsetenester, fortalde at dei ønskjer å unngå å øydeleggja den positive utviklinga som no har funne stad ved Vartun. 

– Me ønskjer å byggja mikrohus for dei som er dårlegast fungerande. Det er utfordrande om dei skal bu tett innpå mange andre. Me ønskjer difor å få byggja mikrohus på kommunal grunn ein stad i kommunen der dei bur heilt åleine, med dagleg tilsyn frå ei ambulerande teneste, sa Solberg.

Ho forklarte at mikrohus var ferdige einingar som enkelt kan setjast opp. Dei må koplast på straum, vatn og kloakk.

– Me har vore på studietur til Stord, og der har dei fått dette til.

Politikararane tykte dette var eit positivt tiltak, og var jamt over einige i at ein ikkje må gjera noko for å øydeleggja det positive som har skjedd på Vartun.