Ønskjer tips etter tjuveri av pigghammar

Ein hydraulisk pigghammar er stolen frå Holdhus. Politiet ønskjer tips.

Ein hydraulisk pigghammar vart stolen frå ein parkeringsplass langs hovudvegen på Holdhus ein gong mellom tysdag og onsdag sist veke.

Dette er eit rimeleg stort anleggsverkty, også kalla ein meiselmaskin, som kan brukast til slikt som arbeid på vegar, med stein, grøfter, riving, fundamentering og liknande.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Den er temmeleg stor, så vi reknar med dei må ha brukt varebil eller bil med hengar for å få han med seg, fortel Ove Ivarhus ved Fusa lensmannskontor.

Han fortel vidare at maskinen som er sakna er svart og kvit av farge og av nyare modell.

- Dei har nok brukt ein del tid på å få han med seg, så om nokon har registrert noko mens dei helt på, så vil vi gjerne ha tilbakemelding, seier Ivarhus.