Tek grep: Kommunen tek grep i samband med testinga i Bjørnafjorden.

Opnar teststasjon i Eikelandsosen

Kommunen har vedteke å opna testastasjonen i Eikelandsosen.

Hovudbodskapet frå helseminister Bent Høie og statsminister Erna Solberg torsdag vore at ein skal halda seg mest mogleg heime, det vil seia treffe færrast mogleg personar.

I lys av dette har kommunen no teke grep i samband med testinga i Bjørnafjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk skal sleppa å reise unødvendig langt for å testa seg for covid-19. Difor har vi vedtatt å opna teststasjon i Eikelandsosen. Vi er i gang med arbeidet, og kjem tilbake med meir informasjon om dette så snart teststasjonen er klar, seier ordførar Trine Lindborg.

Les også
Ville ha i gang teststasjon på Fusa-sida: Administrasjonen meiner at det ikkje er behov for det no