Ein John Deere traktor kolliderte med ein personbil i Moshovdatunellen laurdag. Skadane var først og fremst materielle.
Ein John Deere traktor kolliderte med ein personbil i Moshovdatunellen laurdag. Skadane var først og fremst materielle.

Opnar tunellen etter ulukke rundt kl 13.30

Fusa Auto sin bergingsbil fjerna både traktor og personbil frå Moshovdatunellen etter ulukka laurdag. Det er no fri ferdsle att.

Oppdatering: I ein tidlegare versjon av denne saka var Morten Rebnor i Vest politidistrikt sitert på at ein bergebil måtte køyra heilt frå Bergen for å fjerna traktor og bil frå tunellen, men Petter Sagstad i Fusa Auto opplyser at den lokale bergingsfirmaet greidde jobben utan hjelp frå  byen. 

Tunellen opna ikkje før etter kl. 14, opplyser vegsentralen.  Det vart først vurdert at ein større bilbergar måtte køyra heilt frå Bergen, men det viste seg seinare å vera unødvendig. Ein John Deere-traktor og ein personbil fekk kraftige materielle skadar i smellen, men førarane skal ikkje vera skadde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Like før klokka 11 melde politiet om at ein traktor hadde kollidert med ein personbil i Moshovdatunellen utanfor Eikelandsosen i Fusa.

Tunellen er stengt, og ambulanse undersøkte dei involverte på staden. Båe førarane har kome seg ut av køyretøya.

– Me veit ikkje årsaka til kollisjonen, men den skjedde i 80-sona. Airbag vart utløyst i bilen, og båe førarane framstår som uskadde. Dei har blitt undersøkt av ambulanse på staden, seier operasjonsleiar Morten Rebnor.

ol@osogfusa.no