Det skal ha vore opne flammar i bustaden då brannvesenet kom til staden.
Det skal ha vore opne flammar i bustaden då brannvesenet kom til staden.

Opne flammar i stove: Brannsjefen meiner å kunna sjå kva som er årsaka til brannen

Det skal ha vore opne flammar i ei stove i Gymnasvegen då brannvesenet kom til bustaden.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Per Algrøy, fortel at dei fekk melding klokka 12.51 om brann i Gymnasvegen i Os.

– Det skal ha vore opne flammar i ei stove. Brannvesenet har sløkt brannen. Både brannvesen og politi er på staden, fortel Algrøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannsjef Stein Gjøsund fortel stadfestar at det var opne flammar då dei kom til bustaden i Gymnasvegen.

– Vi skal ikkje konkludera, men det stod eit stearinlys på bordet, og bordet har brent, seier Gjøsund.

Politiet melder på Twitter at éin person bur i bustaden. Personen er ikkje skadd og har ikkje pusta inn røyk.