Den siste tida har det kome inn fleire meldingar til politiet om grove tjuveri frå anleggsmaskiner.
Den siste tida har det kome inn fleire meldingar til politiet om grove tjuveri frå anleggsmaskiner.

Oppblomstring av grove tjuveri: Fryktar at Vestlandet er neste stopp

Politiet går ut med åtvaring til alle med dyrt GPS-utstyr i anleggsmaskiner og landbruksmaskiner, og andre med dyrt posisjoneringsutstyr.

Det er i Sør-Øst politidistrikt at det er registrert ein oppblomstring av grove tjuveri av dyrt GPS-utstyr frå nemnde maskiner. Førebels er det registrert 7–8 hendingar. 28. mars blei det ved innlandet politidistrikt meldt om tjuveri av to komplette GPS-maskiner til ein verdi av 200.000-300.000 kroner per maskin. Agder politidistrikt hadde eit tilfelle av tjuveri av GPS frå parkert gravemaskin tidlegare i mars. Det er også blitt skrive om at etterforskar tjuveri av GPS-er verdt nesten to millionar kroner frå byggjeplassar i Tromsø-området. Førebels er det ikkje registrert nokre tilfelle i Vest politidistrikt. Politiet ønskjer å vera i forkant ved å få ut ei åtvaring.

Politiet skriv at tjuveri som oftast skjer om natta, og har ei liste med førebyggjande tiltak som kan hjelpa:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Sikra dyrt utstyr når det ikkje er i bruk, ved til dømes å parkera traktorar/anleggsmaskiner/utstyr i videoovervaka område eller på eit sikkert område.

* Ta ut dyrt utstyr når traktorar/grave-/anleggsmaskiner blir forlate i eit lengre tidsrom, til dømes over natta eller i helga. Sjekk gjerne med eige forsikringsselskap eller leverandøren av utstyret.

* Hald jamleg auge med traktorar/grave-/anleggsmaskiner når desse er parkerte.