Hending vest for sentrum: Politiet fekk onsdag morgon melding om eit mindre trafikkuhell 'aust om elvo'.

Oppdaga røyk inne i kupeen: Kvinne skal ha hoppa ut av bil i låg fart

Bilen fekk knusingsskadar på front i samband med hendinga.

Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.

Klokka 08.15 onsdag fekk politiet melding om eit mindre trafikkuhell i Os, 'aust om elvo'.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det var ei kvinne i 30-åra som hadde oppdaga røyk inne i kupeen. Ho hoppa ut i låg fart, og køyretøyet stansa i eit betongelement og fekk knusingsskadar i front. Ingen personskade. Kvinna blåste til 0,0. Politiet oppretta sak og gjorde åstadundersøking på staden. Det er ikkje gjort beslag av førarkort, skriv Lyssand.

Laserkontroll

Onsdag gjennomførte politiet laserkontroll på Halhjemsvegen i 70-sonen i retning Halhjem.

Det resulterte i eitt forenkla førelegg etter at eit køyretøy blei målt til 80 km/t, opplyser Lyssand.

Politiet gjennomførte litt seinare ein trafikkontroll i Industrivegen. Her var det ingen reaksjonar, skriv Lyssand.