Dugnad: – Denne dugnaden handlar om at vi skal gjere det så vanskeleg som mogleg for koronaviruset å spreia seg. Det gjer vi best ved å la vera å spreia oss sjølve.

Oppmodar folk om å halda seg i kommunen så langt råd er

Ordførar Trine Lindborg har lagt ut oppdatering på Facebook.

Der oppmodar ho bjørnafjordingane om å halda seg mest mogleg i ro.

– Denne dugnaden handlar om at vi skal gjera det så vanskeleg som mogleg for koronaviruset å spreia seg. Det gjer vi best ved å la vera å spreia oss sjølve, skriv ho og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jo meir og jo lengre du reiser ut av nærmiljøet ditt, jo større er risikoen for at du drar smitte med deg tilbake. Du må sjølvsagt få koma deg att og fram til jobb. Men eg oppmodar deg på det sterkaste til å droppa unødvendige reiser ut av kommunen.

Ordføraren oppmodar om å ikkje reisa på shopping utan at du treng det eller oppsøkja stader der mange menneske er innom, «sjølv om dagane blir lange».

– Brakkesjuke er ikkje farleg for nokon. Koronaviruset er livsfarleg for mange. Hald deg mest mogleg i nærmiljøet ditt i denne tida, skriv ho.