Arbeid på vassleidning: Kommunen bed innbyggjarar spara på vatnet i morgon, onsdag.

Oppmodar innbyggjarar til å bruka så lite vatn som mogleg

Må bruka vatn frå reservebassenga.

Bjørnafjorden kommune sende tysdag ut ei tekstmelding der dei oppmodar om å vera gjerrige på vatnet i morgon, onsdag 24. august.

– Til alle abonnentar. Grunna utbetring av brot på råvannsforsyning til Os i morgon den 24. august, må vi bruka vatn frå reservebassenga. Vi oppmodar deg til å bruka så slite vatn som mogleg denne dagen, slik at vi unngår å gå tom, skriv kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Robert Flister, ingeniør avdeling VA, fortel at meldinga har gått ut til alle innbyggjarar som er kopla på offentleg vatn i gamle Os kommune.

– Dei i Lysefjorden-området er kopla på Søvik vassverk, og har dermed ikkje fått melding. Det har heller ikkje dei som har privat vassforsyning. Det er råvassleidninga som kjem gjennom Gåssandvatnet ein skal fiksa på. Dei startar i morgon tidleg, seier Flister.