Bry deg: Politiførstebetjent Morten Haugland (t.h.) oppmodar ungdomane til å ta vare på kvarandre. Her med kollega Atle Birkeland.

Oppmodar ungdomane til å ta vare på kvarandre: — Og har du informasjon, ta kontakt!

Politiet vil vera til stades på Ung Arena for å visa at dei «er her».

Det har gått i eitt for politiet etter gårsdagens knivstikking på Osøyro. Idag vart det kjent at ein 16 år gamal gut er sikta for drapsforsøk på ein 15-åring.

Politiførstebetjent Morten Haugland ved Bjørnafjorden politistasjon har så langt brukt måndagen til å snakka med dei pårørande og sikra at dei har den informasjonen dei treng.

Artikkelen held fram under annonsen.

I startfasen har politiet ei rad oppgåver å ivareta. Sikring av spor er ei hastesak, det same er nemnde informasjon til pårørande. Deretter kjem avhøyr av den sikta og spørsmål om fengsling eller ikkje.

— Vi forstår at det er eit stort informasjonsbehov der ute, og vi vil gi meir informasjon så snart vi kan, seier han.

Les også
Ung Arena opnar for ungdom i ettermiddag

Kommunen har bestemt seg for å halda ope i Ung Arena frå kl. 12 til 16 i dag og onsdag. Ein patrulje frå politiet vil ta turen innom for å snakka med ungdomane.

— Men det blir ikkje nokon tale eller bestemt program frå vår side. Vi vil visa at vi er her og vera til stades for dei som har lyst til å prata med oss.

— Har du noko du vil seia til ungdomar i Os som no er redde eller lei seg?

— Ta vare på kvarandre! Bry dykk, og snakk med foreldre eller andre de har tillit til. Er det nokon som sit på informasjon, så ta kontakt med politiet. Enten via Nettpatruljen, eller ved å ringa oss.

Les også
Her søkjer politihunden etter bevis