Jentene i Solgt UB har ikkje problem med å henta ein sofa eller store møblar om nokon ønskjer å gje vekk. Kantana Sarasiri (t.v.) har førarkort, og som de ser, er det ikkje noko i vegen med styrken deira.
Jentene i Solgt UB har ikkje problem med å henta ein sofa eller store møblar om nokon ønskjer å gje vekk. Kantana Sarasiri (t.v.) har førarkort, og som de ser, er det ikkje noko i vegen med styrken deira.

Oppretta verksemd for å hjelpa andre

Dei unge jentene i Solgt UB reiser rundt og hentar ting som folk ikkje lenger har bruk for, før dei sel det vidare. Delar av inntekta går til verksemda. Resten til veldedige føremål.

- Kven av dykk skal ha honnør for denne ideen?

Jentene ser på dagleg leiar Christine Moberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Moberg har saman med Kantana Sarasiri, Tiril Kvalvaag og Malene Ask jobba med ungdomsverksemda Solgt. Dei går i andreklasse på gymnaset, og har entreprenørskap som valfag.

- Vi skal både starta og leggja ned ei verksemd i løpet av dette skuleåret, fortel Moberg.

Sel på Finn.no

På førehand visste dei lite om å driva ei verksemd, så dei første månadene gjekk med til introduksjon. I desember kom dei i gang. For jentene var det viktig å ha ei verksemd som skilte seg litt ut.

Kantana Sarasiri, Tiril Kvalvaag, Malene Ask og Christine Moberg.
Kantana Sarasiri, Tiril Kvalvaag, Malene Ask og Christine Moberg.

- Vi ville gjera ein forskjell for nokon. Vi kom fram til at vi ville starta ei verksemd som fokuserte på gjenbruk og å støtta andre, seier Moberg og held fram:

- Det vi gjer er at vi sel og transporterer ting som folk ikkje lenger vil ha. Vi sel på Finn.no. Halvparten av det vi tener går til verksemda, og den andre halvparten til veldedig føremål.

Ein av problemstillingane på førehand, var om nokon i det heile ønskte å gje vekk tinga sine.

- Vi frykta det, men det har vist seg å ikkje vera eit problem. Folk er positive, og liker ideen, seier Moberg.

Støttar tre veldedige føremål

- Kva er det de hentar og sel vidare?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alt mogleg eigentleg. Møblar, lys, strykejern, klede. Ting som folk ikkje lenger bruker eller treng, seier Sarasiri.

- Vi har henta ski også, seier Ask.

Det meste av det dei legg ut på nettet blir raskt kjøpt. I skrivande stund har dei akkurat samla inn ein del, som førebels ikkje er lagt ut.

- Vi har fått mykje den siste veka, seier Moberg.

Som nemnt går 50 prosent av overskotet frå éi vare til veldedig føremål. Jentene har bestemt seg for å støtta tre ulike organisasjonar: Flyktninghjelpen. Redd Barna og Røde Kors.

- Dei som gjev bort varer får sjølv velja kven dei ønskjer å gje pengar til, seier Moberg og legg til:

- Vi ønskjer ikkje å gå ut med kor mykje vi har fått inn så langt. Vi skal ta ei oppteljing når vi skal leggja ned firmaet før skuleåret er over. Det er då vi skal senda inn pengane.

Nyttar garasjen som lager

Solgt UB er ikkje den einaste verksemda i klassen. Det er fleire andre grupper, som held på med ulike ting.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fjølo sel skjerebrett i samarbeid med Os Asvo, og Hjelpen hjelper folk å handla. Telefonhjelpen byter skjerm på telefonar og slikt. Deluge sel t-skjorter, og Recommendation lagar spelelister til arrangement. Alle er registrerte i Brønnøysundregisteret, seier Moberg.

Så langt har jentene brukt ein garasje som lagringsplass.

- Vi er på utkikk etter eit lager som kan passa, seier Sarasiri, som er sjåføren på oppdraga.

- Ho er den einaste som har sertifikatet, seier Moberg og held fram:

- Det er sjølvsagt naudsynt at ein av oss har lappen. Kanskje ikkje så kjekt for Kantana at ho er den einaste.

- Korleis har de promotert verksemda?

- Vi har delt ut flygeblad og så har vi brukt Facebook. Det har fungert godt, seier Moberg.

Flinke til å samarbeida

I løpet av veka har dei fire skuletimar kor dei kan jobba i Solgt UB. Det er ikkje nok om ein skal få verksemda til å gå godt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi jobbar ein del på ettermiddagane også. Det kjem heilt an på kor mykje varer vi får, seier Ask.

Jentene er veninner frå før dei starta verksemda. Det er både positivt og negativt.

- Det går som regel greitt. Vi klarer å halda oss profesjonelle, men det kan sjølvsagt bli litt fjas av og til, men vi får gjort det vi skal, seier Moberg.

Og sjølv om dei har titlar som økonomiansvarleg, marknadsansvarleg og personalansvarleg, vil ikkje det seia at dei ikkje hjelper kvarandre.

- Vi er flinke til å jobba saman. Vi prøver å fordela arbeidsmenga nokonlunde likt, seier Sarasiri.