Argumentet om at bygda blir lagt ned om skulen blir lagt ned, trur ikkje nyleg avgått ordførar Hans S. Vindenes noko på.
Argumentet om at bygda blir lagt ned om skulen blir lagt ned, trur ikkje nyleg avgått ordførar Hans S. Vindenes noko på.

Ord- førarens siste ord

Hans Sverke "Hansemann" Vindenes har berre timar att som ordførar. - Kva seier du på ein dag som denne då? - Som ordførar så må ein jo passa seg litt, men no blir eg snart privatperson...

Morten Holmefjord

morten.holmefjord@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist veke hadde Vindenes sin siste arbeidsdag som ordførar. Me møtte han då han rydda ut av kontoret.

Noko av det vanskelegaste i siste ordførarperioden har vore at Vindenes og resten av Fusa Sp har hatt eit anna grunnsyn i skulestrukturdebatten. Før eit kommunestyre 5. april 2013 hadde styret i Sp bunde representantane til å røysta mot eit framlegg om at skulestruktur skulle ut på høyring.

- At eit partistyre valt av nokre få, skal binda ein representant valt av mange, det strir mot all fornuft. Dette er ikkje demokrati. Og så har det litt med respekt for folk å gjera. Det stod ingenting i partiprogrammet om at slike forslag ikkje skulle ut på høyring. Inga auke i eigedomsskatten var ein del av programmet. Men budsjettforslaget tydde på det stikk motsette. Dette viser korleis skuledebatten styrer heile Sp, meiner Vindenes.

- Er du blitt eit svart får i Senterpartiet?

- Nei. Hos nokre kanskje. Eg har i alle høve ikkje hatt problem med å omgåast meiningsmotstandarar. Og det er fleire, også dei som stod på Sp-lista som kom etterpå og sa dei var einige med meg.

Eit hinder

Alle parti har personar som tek meir plass enn andre. Og i samtlege parti er det delte meiningar om skulestrukturen i kommunen. Frp - som gjekk hardast ut i valkampen om strukturendringar - er eit døme på det.

Men argumentet om at bygda blir lagt ned om skulen blir lagt ned, trur han ikkje noko på.

- Fusa utviklar seg ikkje før me gjer noko med skulestrukturen. Alle småskulane er snarare eit hinder for utviklinga, meiner Vindenes.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kjem folk hit som synest at små skular er ein kvalitet, og det er dei som meiner at fådelte skular er eit problem. For meg er dette først og fremst ei økonomisk utfordring. Me er no komen i ein situasjon der me ikkje har noko val, seier ordføraren.

Ein gentleman

Medan me sit på ordførarkontoret blir me stadig avbrotne. Einingsleiar Øystein Havsgård vil ha han med på ei synfaring.

- Nei, dette får du og Atle ta - eg er slutta, kjem det frå Vindenes som nesten høyrest vågal ut i stemma.

Så bankar det på igjen. Det kjem ei dame innom.

- Eg ville berre lura meg til ein klem, seier ho nesten blygt. Og som den gentlemannen ordførar Vindenes er får ho sjølvsagt det.

- Og så håpar eg du ikkje tok deg nær av den songen me lagde til deg.

- Nei, nei, absolutt ikkje kjem det galant frå Vindenes.

Knappar og glansbilete

Om det blir noko kommunesamanslåing med det første, er ordføraren svært skeptisk til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og kvifor engasjerer ikkje folk seg?

- Her har regjeringa bomma totalt, seier han.

Først var det at større kommunar leverer betre tenester. Og så var det at mindre kommunar har større problem med å skaffa folk. Begge deler viste seg å vera sanningar med modifikasjonar. Heile kommune-Noreg har mykje dei same utfordringane.

- Og så skulle lokaldemokratiet styrkjast. Det me sit att med er at ordføraren kan via par og at tannlegetenesta blir overført frå fylkeskommunen - og det er stort sett det. Og det er ikkje mykje, seier Vindenes og er tydeleg frustrert.

Som andre kommunar har Fusa brukt mykje tid og ressursar på kommunereforma, ei reform som kan koka vekk i kålen. Mykje grunna Arbeidarpartiet som snudde på hælen i valkampen.

- Om det skal skje noko her, må Ap og Høgre finna saman. Det blir nok neppe noko kommunesamanslåing i 2020 slik som annonsert. Men kanskje i 2027?

Ned med demokratiet?

Meir interkommunalt samarbeid er heller ikkje noko alternativ, om lokaldemokratiet skal koma først.

- Landbrukskontoret er eit samarbeid mellom Fusa, Os, Samanger og Tysnes. Dei som arbeider der er tilsette i Fusa kommune og underlagt rådmannen og kommunestyret. Dei andre kommunane betalar oss for desse tenestene. Eg seier ikkje at dette er feil, men det er eit demokratisk problem, meiner ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

BiR er eit renovasjonsselskap som er eigd av medlemskommunane. Ordføraren stiller på eigarmøta som vel styret i selskapet.

- Om Fusa kommune åleine skulle teke på seg dette, hadde ein ikkje klart dei krava som blir stilt, og ein hadde heller ikkje greidd det til same prisen. Men spørsmålet eg stiller meg er: Om mange oppgåver blir sett bort til slike selskap for å effektivisera - kva er då att til lokaldemokratiet?

Fusa oppgradert

Omkvedet i kommune-Noreg er alltid at det er for lite pengar. Men kva ville ordføraren gjort om han hadde fått 500 millionar i fanget og ei sommarfullmakt heile året? Dette er ein så fjern tanke at her må Vindenes grubla litt. Slike summar er ikkje kvardagskost.

- Vedlikehald av kommunale bygg. Og så ville eg oppgradera Fusa til å bli ein IKT-kommune. Samanlikna med staten heng kommunane etter. Me flyt over av papir, seier han.

Med ein velfungerande IKT-kommune ville sakshandsaming gått fortare, og ein ville fått frigjort kapasitet til andre oppgåver. Gang- og sykkelstiar står også høgt oppe på lista.

Vindenes ville også bygd eit skikkeleg godt helsesenter på Leiro. Her kunne ein fått tenester som ein må til Haukeland for no. Til dømes for å ta røntgen. Hadde ein fått til noko av dette trur han Fusa hadde blitt meir attraktiv. Ikkje berre for tilflyttarar, men også gjort det lettare å halda på dei tilsette.

Døropnar

Er det noko avtroppande synest han ikkje fekk gjort?

- Eg er ikkje oppteken av det eg ikkje fekk gjort - nett det har eg bestemt meg for. Gjort er gjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vindenes meiner at ein ordførar si oppgåve er å hjelpa andre å bli gode. Å vera med når oppdrettsselskap vil utvida konsesjonar eller anna der ein har med fylkesmannen eller fylkeskommunen å gjera.

- Og så har me fått to tunellar, og dette er viktig for fusasamfunnet.

Speak no evil

Vindenes har stor respekt for dei som har arbeidsdagen sin på Kommunetunet.

- Det er tre ting som alltid er akseptert: Å snyta på skatten, å lura forsikringsselskapet - og å snakka stygt om kommunestilsette. På den andre sida er folk veldig nøgde med dei som jobbar i helsevesenet og i skulen. Det folk ikkje tenkjer på er at også desse er kommunen. Ikkje minst må kommunestyrerepresentantane bli flinkare til å snakka opp sine eigne, seier Vindenes.

Skjergardsjeep

Frå 1. januar er Vindenes "arbeidande pensjonist", som han sjølv seier. Av nye verv kan nemnast at han er valt inn i Fusa sokneråd. Likekjønna ekteskap blir ikkje nemnt, men det er vel ikkje til å stikka under ein stol at han ikkje synest alt kyrkja står for er bra.

- Eg er glad i kyrkja. Men at ein skal bruka ei bok for å trykkja andre ned, det har eg ikkje sansen for, seier Vindenes.

I tillegg til rolla som bestefar, skal han no ta for seg både hytte og hage, som han påstår er blitt forsømd i dei siste 12 åra.

- Og så har eg kjøpt meg ein skjergardsjeep med 50 hestars påhengs. Garn og hummarteiner, seier Vindenes strålande nøgd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og slik kan me sjå for oss ordførar Hans Sverke "Hansemann" Vindenes køyra ut av dette intervjuet, og rolla som ordførar, for full fres ut fjorden.