Om 614 dagar er Fusa og Os kommune blitt til Bjørnafjorden kommune.
Om 614 dagar er Fusa og Os kommune blitt til Bjørnafjorden kommune.

Ordførar Marie liker Klammerskjeret: Kva er din favorittstad?

Ordførarane i Os og Fusa deler sine favorittstader i begge kommunane. Kom med dine favorittar i kommentarfeltet, og ta del i ei uhøgtidleg kåring av dei beste eller flottaste stadene i Os og Fusa.

Os kommune har skrive følgjande på Facebook: Om 614 dagar er vi bjørnafjordingar. Då dei tilsette i Fusa kommune blei spurde om sin yndlingsstad i Fusa, nemnde dei fleste Vinnes (Vinnesholmen, Vinnesleiro) og Eikelandsosen.

Dei oppfordra også til å bruka ein fridag til å utforska den nye kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva er dine favorittstader og kvifor? Svar i kommentarfeltet.

Dette svarar ordførarane:

Ordførar i Os, Marie Bruarøy:

– I Os må eg seia Klammerskjeret. Då er eg i paradis. Der har vi hytta vår, og vi brukar mykje tid der om sommaren. I Fusa er det Strandvik – utan tvil fordi det er så vakkert der. Ein kjem ut i eit lite, landleg samfunn. Det er flott å gå ein tur i hyttefeltet og sjå ut over fjorden og skimta Os-bygda i det fjerne over fjorden.

Ordførar i Fusa, Atle Kvåle:

– I Fusa er det Storahorga, toppen av Fusafjellet – fordi då ser eg utover Bjørnafjorden og Os. Der ser eg eit fantastisk potensial som eg gler meg til å jobba vidare med. I Os må eg seia Kuventræ. Eg har alltid likt meg på Kuventræ og følgd klubben tett så lenge eg kan hugsa. Eg veit at det er fleire klubbar i kommunen, men eg heiar framleis på Os. Dei driv godt og fornuftig.