Driftsproblem på ferjesambandet Hatvik-Venjaneset er blant problemstillingane ordførar Marie Bruarøy ønskjer å ta opp med Fylkeskommunen.
Driftsproblem på ferjesambandet Hatvik-Venjaneset er blant problemstillingane ordførar Marie Bruarøy ønskjer å ta opp med Fylkeskommunen.

Ordførar var ikkje ønska på ferje-møte

Etter at ordførar Marie Bruarøy spurde om ho fekk vera med på eit oppvaskmøte om ustabile ferjer, var svaret nei frå Hordaland fylkeskommune.

Temaet var oppe i formannskapet på tysdag. Tone Hepsøe (Ap) tok først opp spørsmålet knytt til ustabil ferjedrift mellom Hatvik og Venjaneset.

– Er det nokon som har tenkt å seia kraftig frå om dette? Det er ikkje haldbart, sa Hepsøe.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har i alle fall prøvt å seia frå, svarte Bruarøy innleiingsvis.

Ferjesambandet har hatt driftsproblem fleire gonger i vår, og jamvel køyrt på land ved eitt høve.

Driftsproblem og færre avgangar

Ordføraren sa at fleire kommunar slit med driftsstand-problem. Austevoll og Tysnes kommunar er blant desse. Dei er dessutan uroa for at talet avgangar skal bli redusert, noko som har vore signalisert i samband med at nye drivarar skal overta ferjesamband i fylket.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) la til at det var å vona at dei nye drivarane av Hatvik-Venjaneset, Fjord1, vil vera meir proffe enn FosenNamsos, som driv i dag. Bruarøy la til at nabokommunane ikkje var heilt nøgde med anbodsrunden.

– I denne anbodsrunden har miljøperspektivet og elektriske ferjer vore viktig, og det stør me. Men samtidig ser me at Fylkeskommunen ikkje har vore vakne for at det ligg an til å bli færre ferjeavgangar, sa Bruarøy.

Ønskte ikkje fleire ordførarar med

Desse to momenta - ustabile ferjesamband og færre avgangar - er problemstillingar ordføraren i Austevoll, Morten Storebø, ønskte å ta opp med Hordaland fylkeskommune. Han inviterte med seg ordførarar frå nabokommunar i same situasjon, men fekk følgjande svar frå fylkeskommunen: «vi ønskjer ikkje å ta med fleire ordførarar i dette møtet».

– Dei ønskjer tydlegvis å ta dette opp enkeltvis med dei ulike kommunane. Det er litt overraskande spør du meg. Me deler jo dei same bekymringane og problema, sa Marie Bruarøy.

– Men har den eller dei som vil nekta oss å vera med på eit slikt møte, fullmakt til det? Må me akseptera eit slikt svar, spurde Eirik André Hesthamar (Frp).

Artikkelen held fram under annonsen.

Rådmann Christian Fotland svarte at han vil ta kontakt med Fylkeskommunen igjen om dette.

ol@osogfusa.no