- Min analyse var at det kom til å vera eit knapt fleirtal i Fusa, og fleire som var likegyldig i Os. Eg trefte blink, seier Os-ordførar, Terje Søviknes.
- Min analyse var at det kom til å vera eit knapt fleirtal i Fusa, og fleire som var likegyldig i Os. Eg trefte blink, seier Os-ordførar, Terje Søviknes.

Ordførarane er ikkje overraska

Ordførarane i Os og Fusa seier at resultatet av meiningsmålinga om kommunesamanslåing var som forventa.

Ordførar i Fusa, Atle Kvåle, var travelt oppteken i møte i kveld, men vi fekk ein kort kommentar frå han mellom slaga.

- Min subjektive oppfatning etter å ha følgt denne prosessen er at det har dreidd seg frå eit motstandsfleirtal, til usikkerheit, til ein meir positiv innstilling til samanslåing. Difor er eg ikkje overraska over tala som kom fram i meiningsmålinga, seier Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kan du sjåresultatet av meiningsmålinga utført av Sentio Research.

Få samanslåings-motstandarar

Ordførar i Os, Terje Søviknes, synes at det er positivt å sjå at fusingane stort sett ser ut til å vera klare for samanslåing. Heller ikkje han er overraska over resultatet av meiningsmålinga.

- Vi diskuterte dette på førehand, og min analyse var at det kom til å vera eit knapt fleirtal i Fusa, og fleire som var likegyldig i Os. Eg trefte blink, seier han.

Han synes også det er kjekt å sjå at det ikkje er noko stor motstand mot samanslåing.

- Om du oppsummerer dei som er positive og dei som er likegyldige, både i Os og i Fusa, så blir talet om lag 75 prosent. Det er greitt å registrera at det ikkje er mange som er motstandarar. Dette er noko vi tek med oss fram mot kommunestyret 22. juni, då vi skal fatta eit vedtak, seier Søviknes.