Ordførar Marie Bruarøy med dottera Pernille med fullasta båt ikkje langt frå Kobbavågen.
Ordførar Marie Bruarøy med dottera Pernille med fullasta båt ikkje langt frå Kobbavågen.

Ordføraren ber oppdrettsnæringa gå i seg sjølv

Marie Bruarøy reagerer på funn av store mengder tauverk av plast, truleg frå oppdrettsnæringa, som folk i Os har samla inn i helga.

Dugnadshelga med plastinnsamling frå fjærene er over, og ordførar Marie Bruarøy fortel at dei plukka ein heil konteiner full på Søre Øyane.

- Det er trist syn. Alt dette er kasta på sjøen. Men eg er imponert over kor folk har stilt opp og vore med, det har vore fantastisk å sjå, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også i Ervikane, på Halhjem, i Lysefjorden og i Osøyro har det vore hektisk dugnadsaktivitet. Alt tidleg på laurdagen gjekk BIR tom for dei spesielle strandryddingsposane, pga. stor pågang.

Ber oppdrettsnæringa tenkja seg om

Ein gjengangar blant funna er tau laga av plast.

- Eg må seia at når me finn så mykje tau som me trur stammar frå oppdrettsnæringa, så har me nokre som bør tenkja seg om når det gjeld korleis ein kvittar seg med overflødig tauverk, seier Marie Bruarøy.

Anna industrielt plastavfall har også vore samla inn fleire stader. Bruarøy viser til ein resolusjon som nyleg vart vedteke frå Hordaland Høgre mot miljøskadeleg plast, som hadde sitt opphav i Fjell Høgre.

- Der har dei sett det same. Alt plastavfallet kan ikkje berre stamma frå privatpersonar. Det er nokre syndarar som driv sitt virke på, i og ved sjøen, seier Bruarøy.

- 70 prosent av plasten er usynleg

Ordføraren vonar dugnadshelga kan vera ein start på noko større.

- For vår del hadde me ungane våre med, og dreiv litt enkel opplæring, fortel Bruarøy.

Døtrene Pernille (8) og Mariela (4) fekk bl.a. høyra at all plasten dei hadde samla inn til tross - så er mesteparten av plasten i havet usynleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me fortalde dei at 70 prosent av plasten ikkje er synleg over havoverflata. Me ser jo plasten først når han hamnar på land, men problemet er mykje større enn kva ein kan sjå med augo, seier ordføraren.

Treng haldningsendring

- Vart du overraska over dei store mengdene?

- Nei, for eg har sett det mange gonger før. Ein fin plast og mykje isopor, langt oppe på land. Omtrent grodd fast i naturen, og mosen har vakse over det. Det er når ein tek til å grava i jorda, ein verkeleg ser galskapen i det, seier ordføraren.

Frå no av vil ho gå med ein innsamlingspose for plast kvar gong når ho er ute på tur, og oppfordrar fleire til å gjera det same.

- Me treng ei holdningsendring. Eg håpar at synet av den stranda kvalen har vekkt folk opp for alvor, seier ho.