Terje Søviknes meiner Nils-Anders Nøttseter kjem med usanningar i sitt leserinnlegg tysdag.
Terje Søviknes meiner Nils-Anders Nøttseter kjem med usanningar i sitt leserinnlegg tysdag.

Ordføraren svarer Nils-Anders Nøttseter: Kjære kommunestyrerepresentant Nils-Anders Nøttseter (MDG)

Terje Søviknes meiner Nils-Anders Nøttseter kjem med usanningar i sitt innlegg tysdag.

Etter ditt tilsvar til representanten Espen Aspenes (FrP) i Os & Fusaposten 6.august er det grunn til å spørje kva debattklima du ynskjer i lokalpolitikken. I innlegget kjem du med ei rekkje usanne påstandar. La meg ta nokre.

Ny motorveg skal ikkje gå «gjennom» Øyane, men i tunnel under Øyane. Det er ikkje vedteke at Fjellheim skal «rivast», - vedtaket er at Fjellheim skal seljast. P.t. er det ikkje vedtak om å ikkje byggja kjøkken på Luranetunet. I budsjettvedtaket for 2019 vedtok fleirtalet i kommunestyret (FrP, Høgre Venstre) at prosjektavdelinga skal starta prosjektering av nytt kjøkken på Lurane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var tre faktafeil på ein setning i ditt lesarbrev.

Om habilitetsspørsmålet

I lesarbrevet angrip du også kommunestyrekollega Espen Aspenes sin legitimitet. For å nytta fotballspråket tek du mannen, og ikkje ballen. Du reiser ugrunna tvil om Aspenes sin habilitet i Plan- og bygningsutvalet fordi han har eigar interesser i næringslivet i Os. Etter det eg kjenner til har habilitetsspørsmåla i einskildsaker knytt til Aspenes vore handert på ein ryddig og profesjonell måte i Plan- og bygningsutvalet, på lik line med habilitetsspørsmål knytt til andre representantar.

I høve Parkeringsutvalet og Aspenes sin habilitet vart også denne handsama på vanleg måte gjennom juridisk vurdering. Det seier seg sjølv at ikkje du eigenhendig «fekk han kasta ut» slik du skriv. At du i tillegg blandar deg inn i kven eit anna parti, i dette tilfellet FrP, skal velja inn i ulike politiske utval i framtida er ei sak for seg.

Aksepterer ikkje løgn

Du må gjerne meine at andre ordførarkandidatar er betre skikka enn meg. Det aksepterer eg fullt ut. Vi skal ha ein frisk politisk debatt om både saker og personval i den nye kommunen, men eg aksepterer ikkje at du fer med løgn.

I eit avsnitt der du omtalar meg som ordførar skriv du; «No veit vi at tilsette har varsla om politisk leiing i Os kommune i over 16 år, og at FrP/H har misbrukt makta si i plan- og bygningsutvalet.» Dette kan lett forståast som at tilsette i 16 år har varsla om saker på meg, eller varaordførar frå Høgre for den del. Varaordfører er også ein del av den politiske leiinga. Har du noko som helst dokumentasjon for å hevda noko slikt? Etter det eg veit har det aldri vore sett fram slike klager, korkje på meg eller varaordførar. Og kva maktmissbruk er det FrP og Høgre har utvist i Plan- og bygningsutvalet? Er det det at vi i mange høve har nytta fleirtalet 5-4 til å sei JA til søknader frå innbyggjarar og næringsliv i kommunen?

Det du truleg referer til er eit oppslag i Bergen Tidende 16.mai i år, der eg stadfester at eg som ordførar «i fire valperiodar har handtert saker der tilsette har varsla om politikarar» i Plan- og bygningsutvalet (PBU). Det var ikkje klager på den samla politiske leiinga, heller ikkje berre på leiaren i PBU, men på representantar frå fleire ulike politiske parti representert i PBU. Også frå opposisjonen. Dette kom klart fram i BT-artikkelen, men du skriv det heile om til å handla om klager på den politiske leiinga i kommunen frå FrP/H. Det er sjofelt, ufint, og kort og godt ikkje korrekt.

Oppteken av openheit

Du skriv også at «vi treng nye visjonar for framtida», «ansvarleg styring», «at vi må ta ansvar som arbeidsgjevar, «at vi treng meir openheit, innsyn og betre beslutningsprosessar», «at vi treng nye verdiar og anna styring». Med dette insinuerer du m.a. at FrP og Høgre ikkje står for ansvarleg styring, openheit og ein god arbeidsgjevarpolitikk. Jo det har vi gjort gjennom 20 år, og det gjer vi for framtida. Kjære Nils-Anders Nøttsetter, av og til kan det høyrast ut som om du er den einaste politikaren i Os som er opptatt av openheit, innsyn og gode prosessar. Det er du ikkje. Slik eg kjenner det politiske miljøet i Os, er alle, absolutt alle, politikarane opptatt av dette.

Det er på tide at du kjem ned frå din høge kvite hest, legg vekk løgnene, og diskuterer reelle politiske saker, basert på fakta. Du er oppteken av at dei gode resultata I Os kommune er eit resultat av breitt og godt arbeid i heile kommunestyret. Ja, det er heilt rett. Og i tillegg har vi hatt eit tillitsfult samarbeid mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde i kommunen. Det har gitt gode resultat for Os. Trur du ufine personangrep, og den debattforma du har lagt opp til det siste halvåret, bidrar til eit tilsvarande godt samarbeidsklima i nye Bjørnafjorden kommune?

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden FrP vil nytte resten av denne valkampen til å snakke om politikk, - vår eigen politikk. Om korleis FrP vil skape vekst og utvikling i heile Bjørnafjorden. Om korleis tenestetilbodet til innbyggjarane skal vidareutviklast. Om viktige prosjekt som betyr noko for folk flest i kvardagen.

Vi toler godt å være ueinig politisk. Og vi toler godt å ta den politiske diskusjonen. Men det må skje på ein ryddig måte,- med respekt for kvarandre. Det fortener veljarane!

Terje Søviknes

Ordførarkandidat Bjørnafjorden FrP