Kunsten å kasta glans. Korleis dette gjekk, til er ikkje heilt lett å gjera greie for. Men kollega Heidi Bergesen hadda altså bursdag, og ordføraren måtte dirigera bursdagssong med tryllestav.
Kunsten å kasta glans. Korleis dette gjekk, til er ikkje heilt lett å gjera greie for. Men kollega Heidi Bergesen hadda altså bursdag, og ordføraren måtte dirigera bursdagssong med tryllestav.

Ordførarlunsj med Hansemann

- No får det bli til neste ordførar det som er att her, sa avtroppande ordførar Hans S. Vindenes då han rydda ut av kontoret.

Det var tydeleg at alt var på stell då avisa var innom tysdag. Men noko sorgkapittel var ikkje denne siste rydderunden på ordførartaburetten.

- Eg har vore innstilt på det lenge, eg var klar over at denne dagen ville koma. Det hadde vore trist på ein annan måte dersom eg hadde stilt til val for ein fjerde periode, og ikkje blitt valt, fortalde Vindenes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utolmodig

Onsdag var det laga til ei festleg samkome for Vindenes på lunsjrommet.

Rådmann Berit Fløysand hadde mange rosande ord.

- Gjennom 12 år har me møttest kvar einaste måndag - utanom feriane. Vindenes har alltid vore ryddig og tydeleg. Ein slik ordførar veit eg det er mange rådmenn som misunnar meg.

Sjølv om kanskje nokre meiningsmotstandarar somme tider har fått Vindenes i halsen, var kaka med portrett svært etandes.
Sjølv om kanskje nokre meiningsmotstandarar somme tider har fått Vindenes i halsen, var kaka med portrett svært etandes.
Perlevener. Sjølv om dei ikkje alltid har vore einige, har rådmann Berit Fløysand og ordførar Hans S. Vindenes hatt eit godt samarbeid gjennom 12 år.
Perlevener. Sjølv om dei ikkje alltid har vore einige, har rådmann Berit Fløysand og ordførar Hans S. Vindenes hatt eit godt samarbeid gjennom 12 år.

Rådmannen understreka også at dei ikkje alltid hadde vore einige. Politikarar er av natur utolmodige. Og det er ikkje alltid det finst eit apparat til å gjera politiske vedtak om til handling så fort som ein ønskjer.

- Du har vore ein god ordførar. Både når du er ordføraren og når du er Hansemann, avslutta rådmannen.

Snøbrøyting og spenning

Vindenes kvitterte med å seia at det hadde vore 12 fantastiske år.

- Eg fekk eit råd hos ei før eg vart ordførar: "Du må ikkje eta lunsj med dei der inne, for då blir du slik som dei".

Som ordførar hadde han fått mange ulike telefonar gjennom åra. Nokon trudde visst at ein ordførar kunne ordna alt. Frå kostnaden på private reguleringsplanar til snøbrøyting utan nok snø.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Og så kjem eg til å sakna samhaldet og trivnaden i kantina. Det har vore sjeldan det har vore diskutert politikk, og om det har vore det, så er det vel helst eg som har lagt opp til det. Og så er det jo nokon som har knappar som er lettare å trykkja på enn andre, sa Vindenes.

Ordføraren hadde godord til fleire. Han drog spesielt fram Hildegunn Øpstad og Gunn Sissel Teigen som gode medhjelparar. Nyeordføraren Atle Kvåle fekk også nokre ord med på vegen.

- Eg ønskjer deg Atle hjarteleg lukka til. Det kjem til å bli spennande år. Eg trur du får oppleva mykje meir enn du trur, avslutta Vindenes.

Så vart det song ved nokre av damene (på melodien «Hallelujah»), grøn broccoli- og parmesansuppe, kaffi og marsipankaka med portrett.

I dag er siste offisielle arbeidsdag for avtroppande ordførar. Klokka 17.22 i dag torsdag heiter ordføraren Atle Kvåle.