Torhild Rasmussen i Os Bridgeklubb har halde bridgekurs for vaksne i lang tid. No skal ho læra kortspelet til ungdom, saman med fleire andre medlemmer i den lokale bridgeklubben.
Torhild Rasmussen i Os Bridgeklubb har halde bridgekurs for vaksne i lang tid. No skal ho læra kortspelet til ungdom, saman med fleire andre medlemmer i den lokale bridgeklubben.

Os Bridgeklubb startar eigen ungdomsklubb

– Vi ønskjer at fleire unge skal få læra seg bridge og ha glede av det resten av livet, seier Torhild Rasmussen.

Det var i haust at Rasmussen og Leif Juvik i bridgeklubben starta å snakka om å starta juniorbridgeklubb.

– Ein del andre klubbar har gjort tilsvarande, og hatt stor suksess, seier Rasmussen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høg snittalder i klubben

For eitt år sidan hadde arrangerte bridgeklubben ungdomskurs. Då var det heller labert oppmøte.

– Eg meiner det var sju eller åtte ungdomar. Det som var dumt då, var at vi ikkje hadde eit eige tilbod for dei etterpå. Vi har ein ganske høg gjennomsnittsalder i klubben, i alle fall 50 år, og eg forstår at det nok ikkje er så kjekt for ungdom å bli med. Vi har ingen intensjonar om at juniorane skal spela kort med oss, men dei er sjølvsagt velkomne til det om dei måtte ønskja det, seier Rasmussen.

Førebyggjer demens

Juniorbridgeklubben er for ungdom i alderen 10–18 år. Samlingane blir i Os Folkebibliotek fredagar i oddetalsveker. Første samling er 2. februar.

– Det blir servert pizza og brus, og det kostar ingenting å vera med, seier Rasmussen og legg til:

– Det er stor fokus på at ein skal vera i aktivitet og at fysisk aktivitet er viktig for helsa. Det er sant, men det er vel så viktig å øva hjernecellene. Forsking viser at det til dømes førebyggjer demens. Det er noko som styresmaktene ikkje har så stort fokus på, seier Rasmussen.

Ho jobbar som tannpleiar, men det vil ikkje seia at det blir vatn og lettbrus på fredagssamlingane.

– Det er jo fredagar. Då er det heilt klart lov å kosa seg, seier Rasmussen og smiler.

Fine, sosiale samlingar

I tillegg til å læra ungdomen bridge, vil det også vera høve til å spela andre kortspel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kanskje vi kan læra noko av ungdomen også, seier Rasmussen og legg til:

– Vi stiller med kortstokkar. Ein treng ikkje ha med seg noko. Om ein vil, kan ein gjerne ta med ein forelder, og det er heilt supert om ein får med seg ein ven. Vi skal ha fine sosiale samlingar. Vi har valt fredagen fordi det er ein dag der ungdomen kanskje ikkje er så travle som elles i veka.

Os bridgeklubb får midlar frå Norsk Bridgeforbund til juniorbridgeklubben. Ungdom slepp å betala for å vera med, og bridgeklubben slepp billeg frå det. Dei skal berre stilla med lærarar.

– Det er Leif og eg som har jobba mest med dette. Vi og ein del andre medlemmer vil veksla på å vera til stades og læra dei bridge og ta vare på ungdomen, seier Rasmussen.