Os kommune får nye millionar kroner for å bøta på høgare arbeidsløyse.
Os kommune får nye millionar kroner for å bøta på høgare arbeidsløyse.

Os får 3,9 mill. pga. høg arbeidsløyse

Starten på 2017 har gjeve Os endå fleire arbeidslause. No blar staten opp nye millionar for å motverka situasjonen.

- Dette er både ei trist og ei glad sak på ein gong. Me har dessverre fleire arbeidsledige no enn me hadde ved inngangen av året. Det gode nyhendet er at regjeringa gjer noko med det, seier Marie Bruarøy etter at ho fekk i hende meldinga om dei statlege millionane onsdag ettermiddag.

Krisemidlar

Det er siste del av den 650 mill. kroner store tiltakspakken til Sør- og Vestlandet i kjølvatnet av oljenedturen som no blir fordelt. Av desse krisemidlane får Os kommune no 3.856.000 kroner, eit beløp som tilsvarer det kommunen fekk i fjor til same føremålet. Til saman har kommunen då fått 7,9 mill. kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er veldig kjekt at regjeringa leverer på dette feltet. Dette vil bli lagt merke til i Os, seier ho.

Høgare arbeidsløyse

Arbeidsløysa 1. februar var på 4,2 prosent, opp frå 3,9 prosent 31. desember, og 3,2 prosent på same tid i fjor.

- Eg har ikkje oppdaterte tal kva bransjar som er råka nett no, men tala frå i fjor viste at det var særleg bygg og anlegg som vart råka her lokalt, seier Bruarøy.

Skal brukast på bygg- og anlegg

Midlane som blir gjeve skal då også brukast til å stimulera denne bransjen. Vedlikehold av kommunale bygg, kyrkjebygg og vegar er på lista over område der midlane kan nyttast.

- Det er ein effektiv og ubyråkratisk måte å skaffa aktivitet i bygg- og anleggsbransjen, og fører til at fleire folk kjem i arbeid i Os kommune, seier ordføraren.

Også i fjor vart midlane brukt på denne måten, og SFO-bygget ved Os barneskule fekk m.a. nytt tak for pengane.