Os & Fusaposten beklagar

Barnevernet handlar om dei svakaste blant oss og deira møte med offentlege myndigheiter. Difor er det viktig for oss å setja eit kritisk søkelys på slike saker. Samstundes er dette svært krevjande saker for alle involverte partar, og det er presserande at me i avisa er vårt ansvar bevisst og handterer slike saker på ein tillitvekkjande og balansert måte.

Os & Fusaposten har i sommar hatt to barnevernssaker på trykk. Barnevernet handlar om dei svakaste blant oss og deira møte med offentlege myndigheiter. Difor er det viktig for oss å setja eit kritisk søkelys på slike saker. Samstundes er dette svært krevjande saker for alle involverte partar, og det er presserande at me i avisa er vårt ansvar bevisst og handterer slike saker på ein tillitvekkjande og balansert måte. Dette gjeld både opp mot familiane og ikkje minst borna som er involverte, men også opp mot kommunen og barnevernet sin jobb.

Å anonymisera berørte partar og ta omsyn til deira tryggleik på ein god måte, er blant dei krevjande vurderingane ein kjem borti. Spørsmål kring anonymitet gjer seg særleg gjeldande og er ekstra viktige i ei lokalavis og lokalsamfunn med relativt ’små’ tilhøve.

Artikkelen held fram under annonsen.

I den fyrste av dei to aktuelle sakene frå i sommar var moras versjon sett på trykk utan at barnefaren fekk høve til samtidig imøtegåing. Vedkomande fekk rett nok koma til orde i ei seinare utgåve, men det rokkar ikkje ved det faktum at vedkomande i dette tilfellet skulle fått høve til å imøtegå uttalane i same avis.

Me i Os & Fusaposten beklagar dette, og vil samstundes understreka at me jobbar for at slike saker skal handsamast på ein balansert og tillitsfull måte frå vår side – overfor alle involverte.

Jostein Halland

Redaktør