Skal staten regulera det som går føre seg på Luranetunet dei neste tre åra?
Skal staten regulera det som går føre seg på Luranetunet dei neste tre åra?

Os hamna i modellen helsesjefen fryktar

Kommunalsjef Borge er skeptisk, ordførar Terje Søviknes optimistisk. I morgon kjem helseminister Høie til Os for å svara på spørsmål.

politikarane hadde saka oppe til diskusjon i november og desember, gjorde kommunalsjef Nils-Petter Borge det klart at han er mest skeptisk til den forma for statleg finansiering av omsorgstenestene som vert kalla modell A. Fredag kom det melding frå helsedirektoratet om at det er modell A Os kommune er plukka ut til å vera med i. Os kommune har to veker på seg til å akseptera om dei vil vera med det treårige eksperimentet eller ikkje, og det vil bli halde ekstraordinært formannskapsmøte for å fatta eit vedtak i saka.

Rigid og byråkratisk?

I modell A er det staten som bestemmer nivået på tenestene brukarane skal motta, og betaler deretter. I modell B bestemmer kommunen sjølv, medan staten betaler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nils-Petter Borge har uttalt at han ikkje ønskjer å delta i eksperimentet med statleg finansiering av omsorgstenestene fordi den helsetenesta ein har i Os frå før er god og fleksibel.

- Me er redde me vil mista mykje av denne fleksibiliteten dersom det er staten som skal definera og styra kva tenester me skal tilby våre brukarar, og me må byggja opp eit byråkrati med auka fokus på kontroll og møteverksemd, skreiv Borge i si negative innstilling til politikarane.

Ordføraren meir overtydd

Ordførar Terje Søviknes er derimot blitt meir optimistisk på vegner av modell A, som Os kommune vil få prøva dersom dei aksepterer tilbodet.

- Fordelen med dette er at det blir det reelle behovet i befolkninga som avgjer kor mykje pengar me får frå staten. Det kan vera gunstig for oss fordi me no gradvis skal fasa inn 40 nye sjukeheimsplassar, som staten vil betala for i perioden. Dess meir eg har lest meg opp på dette, dess meir er eg sikker på at denne modellen gjev det største økonomiske utbytet, seier Søviknes.

Ministeren svarer i morgon

I morgon kjem helse- og omsorgsminister Bent Høie for å svara på spørsmål som politikarane i Os sit med. Varaordførar Marie Bruarøy (H )har uttalt at ho vonar ministeren har med seg fleire gulerøter for å gjera eksperimentet meir attraktivt. «Os og Fusaposten» kjem tilbake med meir etter møtet.