Avtalen med Barnevernvakten i Bergen gjeld alle dagar, heile året. Det betyr at Barnevernvakten kan rykkja ut når barneverntenesta i Os kommune ikkje er open. (Illustrasjonsfoto)
Avtalen med Barnevernvakten i Bergen gjeld alle dagar, heile året. Det betyr at Barnevernvakten kan rykkja ut når barneverntenesta i Os kommune ikkje er open. (Illustrasjonsfoto)

Os inngår samarbeid med Barnevernvakten

Mange born treng akutt hjelp av barnevernet på kvelds- og nattestid og i helger. No har Os kommune inngått ein avtale med Barnevernvakten i Bergen om akuttilbod.

Avtalen gjeld alle dagar, heile året. Det betyr at Barnevernvakten kan rykkja ut når barneverntenesta i Os kommune ikkje er open.

- Dette er ein god nyheit og eit trygt tilbod for utsette barn i Os og oss som jobbar for deira beste, seier fungerande leiar for barneverntenesta i Os, Linda Hevrøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho opplyser at det tidlegare har vore leiaren av den kommunale barneverntenesta som har fungert som akuttberedskap i Os kommune, saman med politiet.

Barnevernvakten i Bergen er ein del av Bergen kommune si barnevernteneste.

Slik melder du frå

- I kontortida tar du kontakt med barneverntenesta i Os kommune på telefon. Ved akutte hendingar på ettermiddag, kveld, natt, i helger og på høgtidsdagar, tar du kontakt med Barnevernvakten i Bergen fram til kl 02, opplyser Herøy.

Etter klokka 02.00, kan ein ringa politiet på eller nasjonal alarmtelefon for born og unge.