Terje Søviknes og Gustav Bahus påpeika overfor leiar av Stortingets Kommunal- og regionalkomité, Helge Andre Njåstad, at dei mellomstore kommunane kjem dårleg ut av forslaget til nytt inntektssystem.
Terje Søviknes og Gustav Bahus påpeika overfor leiar av Stortingets Kommunal- og regionalkomité, Helge Andre Njåstad, at dei mellomstore kommunane kjem dårleg ut av forslaget til nytt inntektssystem.

- Os kan bli ein av taparane

Endringar i inntektssystemet til kommunesektoren kan slå negativt ut for Os. Hordaland Frp tok saka opp då dei vitja Stortinget denne veka.

Ei rekke lokalpolitikarar frå Hordaland Frp vitja Stortinget torsdag og fredag. Terje Søviknes og Gustav Bahus tok spesielt opp at dei mellomstore kommunane kjem dårleg ut av forslaget til nytt inntektssystem.

- Utrekningar viser at kommunar på 10-30.000 innbyggjarar blir taparar som følgje av det nye strukturkriteriet. Samtidig er dette kommunar som har tilsvarande utfordringar som storbyane med høgare kostnader knytt til psykiatri, sosialhjelp og barnevern, påpeikar Frp i ei pressmelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi meiner det blir feil at kommunar med viktige regionsenterfunksjonar skal koma dårlegare ut i det nye inntektssystemet, spesielt når ekspertutvalet for kommunestruktur meiner at 15-20.000 innbyggarar er ein god kommunestorleik. Desse utfordringene tok vi opp med leiar av Stortingets Kommunal- og regionalkomité, Helge Andre Njåstad, fortel Terje Søviknes.

Njåstad opplyser at dei no går gjennom alle høyringsuttalane, og skal landa ein konklusjon i løpet av våren.

-Intensjonen med det nye strukturkriteriet er å skilja mellom frivillige og ufrivillige små kommunar. Her er det viktig å få på plass ei endring i lys av Kommunereforma, men eg ser heilt klart det urimelege i at mellomstore kommunar taper på omlegginga, seier Njåstad som lovar at dei skal prøva å få til at kommunar med mellom 10.000 og 30.000 innbyggarar skal koma betre ut, seier Njåstad.