Os kommune er tydeleg på kjenslene for Fusa. Gratulerer med Valentinsdagen. Må feira med måte.
Os kommune er tydeleg på kjenslene for Fusa. Gratulerer med Valentinsdagen. Må feira med måte.

Os kommune smeller til på Valentinsdagen

Os kommune legg ikkje skjul på kjenslene for Fusa kommune på kjærleikens dag.

– På Facebook kan vi skriva om andre saker og ta opp ting som ikkje blir omtala i fellesnemnda. At vi no skal bli to kommunar, har mange parallellar til eit forhold, seier «Os kommune» og legg til:

– Saker i fellesnemnda kan nok for ein del opplevast som formelt, uhandterleg og litt skummelt. Det gjer det ekstra kjekt å kunna ha det kjekt og morosamt på Facebook.

Artikkelen held fram under annonsen.

Open om kjærleiken

Tidlegare har Os kommune endra status på Facebook til i eit forhold med Fusa kommune, og dei verkar i det heile ha det litt kjekt med kommunesamanslåinga.

– Kvifor er Os kommune så open om kjærleiken for Fusa på Facebook?

– Os kommune gjer slike ting når det passar og er kjekt.

– Tilbakemeldingane på diktet er gode. Har du jobba lenge med dette?

– Det er takknemleg materiale å jobba med. Lett å finna rim, og det er som sagt mykje med samanslåinga som ein kan «overføra til eit forhold», fortel Os kommune.

Her erlenke til diktet. Ved å klikka på lenka, vil ein koma inn på Os kommune si Facebook-side.