Politikarane i Os kommunestyre spurde om det vil vera lovleg for Fusa kommunestyre å byta ut ein representant i fellesnemnda pga. partipolitisk lojalitet.
Politikarane i Os kommunestyre spurde om det vil vera lovleg for Fusa kommunestyre å byta ut ein representant i fellesnemnda pga. partipolitisk lojalitet.

Os-politikarar svært skuffa over Fusa kommunestyre

Graverande og skuffande. Det var ord politikarane i kveld brukte for å skildra det dei ser som mistillit – ikkje berre mot Magne Djuvik (Frp) – men mot det gryande samarbeidet over fjorden.

Ordførar Marie Bruarøy orienterte omsituasjonen etter at Fusa kommunestyre fredag med 19 mot to røyster (båe Frp) vedtok nyval for fusadelegasjonen til fellesnemnda. Bakgrunnen er misnøye med at Magne Djuvik (Frp) ved to høve har røysta med osingane, og etter kommunestyret sitt syn dermed undergrave rolla han har på vegner av Fusa. Dei sette difor opp eit ekstra kommunestyremøte tidleg i januar til saka.

Har Fusa kommunestyre opptredd ulovleg?

Partifellar på motsett side av fjorden var langt frå nøgde med utviklinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kan ikkje berre trekkja på skuldrene når slikt skjer. Eg er veldig skuffa eigentleg, sa Helge Steinum (Ap) som også sit i fellesnemnda.

Han gav si støtte til Magne Djuvik og måten han har opptredd på i nemnda.

– Magne Djuvik har stått fram med eigne meiningar om kva som er best for Bjørnefjorden kommune, og eg vil gje mi støtte til måten han har gjort det på, sa Steinum.

Han la til at han trudde politikarar på båe sider av fjorden no hadde byrja å tenkja på ein felles kommune, i staden for å tenkja Fusa-interesser mot Os-interesser.

– Er det i det heile lovleg det no har skjedd? spurde han. Marie Bruarøy sa at ho hadde vore i dialog med representantar i fellesnemnda om saka.

– Det er nokre av oss som har rådd fusingane til å vera sikre på lovverket før ein fremjar sak. Eg ventar at dette blir kontrollert opp mot fylkesmannen som er rådgjevande instans i slike saker. Eg trur me berre må venta og sjå om det tillyste ekstramøtet i januar verkeleg vil finna stad, sa Bruarøy.

– Graverande mistillit

Nils-Anders Nøttseter (MDG) var rysta over behandlinga Djuvik hadde fått.

– Eg må kommentera dette. Det er ei graverande mistillit mot eigen varaordførar dei har fremja der inne, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han såg ein mogeleg utveg i eit tidlegare vedtak om ei evaluering av fellesnemnda etter ein viss periode.

– Tidlegare har me drøfta eit ønske om at fellesnemnda skal involvera breiare. Er det på tide å utvida fellesnemnda til å utvida også formannskapa i dei respektive kommunane? spurde han, og viste til at dette blei gjort på fylkesnivå i samband med samanslåingsprosessane som held på der.

Jon Sivert Rykkel (V), som sit i fellesnemnda, hadde også berre godt å seia om måten Djuvik har opptredd på.

– Han har stått fram som ein seriøs politikar. Måten han har tenkt Bjørnafjorden kommune først har vore beundringsverdig. Eg synest det er heilt riktig at ein politisk valt representant skal representera sitt eige parti. Tenkt om Arbeidarpartiet skulle bli diktert av eit fleirtal til å måtta gjennomføra Frp/H-politikk. Eg trur ingen hadde synest det hadde vore heldig. Men det er det eg fryktar skjer i Fusa. Ein ser seg nøydd til å diktera kva representantar i fellesnemnda skal meina. Det kjem til å bli politikk i fellesnemnda framover også. Eg vil be dei som har partifellar på hi sida av fjorden om å revurdera det dei har gjort i denne saka, for det er under einkvar kritikk, sa Rykkel.

Ei einsleg røyst støtta Fusa kommunestyre

Berre frå Magne Djuvik sitt eige parti fekk Fusa kommunestyre ei støttande røyst. Leif Gunnar Heggland (Frp) meinte det var heilt rett at fusingane skulle tala fusingane si interesse og motsett for osingane.

– Eg har forstått det slik at ein som representant i fellesnemnda ikkje skal representera Bjørnafjorden kommune, og heller ikkje eit politisk parti, men sitt kommunestyre. Då må dei følgja intensjonane frå kommunestyret, og berre det. Det er Os kommune sitt beste som skal bety noko for våre representantar, sa Heggland.

På bakgrunn av det meinte han at ein kunne redusera talet personar i fellesnemnda til to personar - ein frå kvar kommune.

– Det ville kanskje ha forenkla saksførebuinga til fellesnemnda. Leiaren har dobbeltrøyst uansett. sa Heggland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Terje Sperrevik (TvS) sa seg einig i første del av Heggland sitt innlegg, men var mest einig med Nøttseter sitt forslag om å utvida nemnda.

– Eg er einig i at me må vera forsiktige i å gå for mykje i fusingane sitt bed. Sjølv om eg har respekt for Djuvik, så tenkjer eg at me må vera rause og la dei få rydda opp sjølve. Tenk om det var me som var gått inn som veslebror i Stor-Bergen? sa Sperrevik.

Bahus takka for støtta

Gustav Bahus (Frp) kommenterte ikkje innlegget frå Heggland, men takka for støtta frå dei andre.

– Eg takkar for støtta til Djuvik. Dette går ikkje berre på hans partitilhøyr, men det går på person. Og då er det ikkje særleg kjekt. Sjølv om Os og Fusa kommunar eksisterer fram til 2020, er me som sit i fellesnemnda valt inn på vegner av den nye Bjørnafjorden kommune, sa Bahus.

Han fortalde at før møta i fellesnemnda pleidde han sjølv og Djuvik å ha partipolitiske gruppemøte før ein diskuterer sakene med resten av delegasjonen.

– Djuvik er valt inn på eit partiprogram for Fusa Frp, på same måte som eg er valt inn for Os Frp. Eg synest me skal ha respekt for at han er tru mot det partiet han er valt inn for, sa Bahus.

ol@osogfusa.no