Brøddamo: Trude Beckhold alias Brøddamo, får 50.000 kroner i gåve frå Os Røde Kors.

Os Røde Kors gir 100.000 kroner vidare til to lokale aktørar

Ein av dei er Brøddamo som får pengar til innkjøp av varer til vanskelegstilte.

I ei pressemelding fortel Os Røde Kors at dei har vedteke å gi 100.000 kroner til Brøddamo og Prosjekt Hjartetre. Pengane vert likt fordelte på desse to.

Brøddamo får pengar til å kjøpa varer til folk som treng litt ekstra hjelp. Prosjekt Hjartetre får pengar til innkjøp av julegåver.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ser dere ikke alle som trenger hjelp?

Os Røde Kors ligg an til å få om lag 200.000 kroner i såkalla Grasrotmidlar frå Norsk Tipping. Eit gamalt årsmøtevedtak seier at styret skal dela ut halvparten av desse pengane til gode føremål i Os.

Årsmøtevedtaket seier at pengane skal nyttast på konkrete tiltak, ikkje til driftstøtte og liknande.

— Grasrotmidlane er pengar gitt av innbyggjarar i Os. Os Røde Kors synest difor det er naturleg at delar av desse vert nytta til konkrete, sosiale tiltak lokalt.

Hjelpekorpset til Os Røde Kors under ei øving i januar i år.

Røde Kors i Os

Dei gjenståande pengane går til Røde Kors-arbeidet i Os – til utstyr og beredskapstiltak til Hjelpekorpset og Beredskapsvaktene, aktivitetar for eldre, einsame og flyktningar i Besøkstenesta og til borna i Barnas Røde Kors.

Det er tidlegare gitt hjartestartarar til ulike institusjonar, treningssyklar og bålpanne til Luranetunet, kvilebenker som Os Pensjonistforening set ut, og tilskot til innkjøp av varer til ideelle organisasjonar som driv sosial verksemd i Os.

— Så vil vi også nemna at behova og oppgåvene aukar, så vi ynskjer fleire frivillige til Hjelpekorpset, Besøkstenesta, Beredskapsvaktene og Barnas Røde Kors.