Vald: Dei to politimennene skal ikkje vera alvorleg skadde.

Os: To politimenn utsett for vald i natt

Ein mann er sett i arresten etter hendinga.

Klokka 00.39 natt til laurdag vart ein mann pågripen i Os sentrum etter å ha utført vald mot to politimenn.

Det melder politiet på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen av dei skal vera alvorleg skadde.

Mannen vart køyrd til arresten og meld for forholdet.