Ein mislukka Osfest er historie. Primus motor Tor Egil Hylland ser framover mot årets festival, og er meir spent enn nokosinne. (Arkivfoto)
Ein mislukka Osfest er historie. Primus motor Tor Egil Hylland ser framover mot årets festival, og er meir spent enn nokosinne. (Arkivfoto)

Osfest tek eit steg tilbake for å byggja opp

Korleis bookar Osfest artistane? Kven er det som avgjer kven ein skal gå for? Kor store namn er realistiske å få til Os? Tor Egil Hylland svarer på spørsmål du kanskje har lurt på kring Osfest.

Osfest 2017 er den fjerde i rekkja, og den første utan Ole Reinert Berg-Olsen i festivalleiinga. Berg-Olsen og Tor Egil Hylland gjekk saman om å skapa Osfest på initiativ frå sistnemnde. No er det berre initiativtakaren som er att.

- Det har gått greitt så langt, men eg jobbar for to personar no, så om ikkje det var nok å gjera får før av, er det i alle fall det no, seier Hylland og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det som er positivt no, er at han er åleine om å ta alle avgjerder. Likevel er han ikkje åleine. Han har eit stort team kring seg.

- Eg har mange, flinke teamleiarar som eg spelar ball med. Det er også mange flinke ungdomar med og organiserer no. Dei bidreg med tips til kva ungdomen likar, og dei er gode på sosiale medium, som Instagram og Snapchat. Der er eg heilt grøn, seier Hylland.

Grundig research

Hylland sit med ansvaret, men det vil ikkje seia at alle avgjerder blir tekne på hans prinsipp, eller at publikum skal måtta høyra på artistar som er Hyllands favorittar.

Gabrielle er nok den artisten som i størst grad har fenga ungdomen på Osfest. Tor Egil Hylland lovar fleire artistar mynta på dei yngre festivalgjengarne framover. (Arkivfoto)
Gabrielle er nok den artisten som i størst grad har fenga ungdomen på Osfest. Tor Egil Hylland lovar fleire artistar mynta på dei yngre festivalgjengarne framover. (Arkivfoto)
Vêret har ikkje alltid vore det beste under Osfest, for å seia det mildt, men det har vist seg at osingane stiller på festival om arrangøren treffer med artistane.
Vêret har ikkje alltid vore det beste under Osfest, for å seia det mildt, men det har vist seg at osingane stiller på festival om arrangøren treffer med artistane.

- Kven er det som vel kva for artistar ein skal gå for?

- Eg bookar alle, og har kontakt med agentane, men eg høyrer på dei som er med kring festivalen, og andre, før eg vel kven vi skal gå for. Postgirobygget til dømes, er det mange som har spurt om vi kan få til Os. Vi lyttar til innspel, og prøver å få noko som passar for alle, seier Hylland.

Det er ein stor jobb som ligg bak, og mange omsyn å ta. Ein artist som er populær på Spotify, er kanskje ikkje den beste liveartisten. Det bør også vera ein artist som folk har høyrt om, og som famnar breitt. Er dei ledige, og ikkje minst, har Osfest råd til å booka dei?

- Eg var for ikkje så lenge sidan på konsert til eit av banda som kjem til Osfest i år, seier Hylland og legg til at han diverre ikkje kan offentleggjera kven det er per no.

- Men dei er fantastiske live. Det blir nok blant dei beste, om ikkje det beste scene-showet i Os nokosinne. Ideelt sett skulle eg gjort slik med alle band. Sett dei live, men det går ikkje alltid, seier Hylland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eksklusivitet er viktig

Før ein avtale blir signert, sjekkar Hylland dei ut via Google, Spotify, gjennom managementet deira, og han haustar innspel frå festivalleiarar der artistane har opptredd tidlegare, for å sjå om dei passar til Osfest. Oppbygginga av programmet er også viktig, for å halda på publikum.

- Her bomma vi litt i fjor. Sigvart Dagsland er ein fantastisk artist, men han hadde ikkje mykje å gjera på den store scenen vår. Det same gjeld Suzanne Vega. Vi hadde også Donkeyboy klokka 18.00. Det var ein bom. Dei skulle ha kome på scenen seinare på kvelden. Det var bra med folk på den konserten, men mange valte å gå vekk frå festivalområdet etterpå. Det må vi forhindra. Nettopp difor er det viktig at vi treffer med korleis vi legg opp programmet, seier Hylland.

Sist, men ikkje minst, er det viktig å få eksklusivitet inn i avtalane. Det har Osfest gjort i år, med både Madcon og Julie Bergan.

- Om dei skulle spelt på festivalar kring oss i månadene før, taper vi publikum. Publikumarane frå Bergen og Fana, som vi er avhengige av, vil ikkje reisa til Os for å sjå noko dei alt har sett kort tid i forvegen.

- Ønska må vera realistiske

- Har det vore eit tema å i større grad lytta til osinganes ønske med tanke på artistar?

- Vi gjer det til ein viss grad no, via sosiale medium. Vi gjorde det på Osøren Blues & Jazz-festival i 2012. Då hadde vi ein idémyldring i Oseana med næringsliv, bransjen og kulturlivet, der ein kunne koma med innspel og ønske. Eg har prøvd å dra i gang samlingar for dei frivillige, men det er vanskeleg å få det til å passa. Det er mange som har meiningar, og mykje dei skulle ha sagt. Det er også mange som fortel korleis eg skal gjera jobben min, seier Hylland og ler.

- Det eg har mest behov for er folk som kan ta i eit tak. Mange av innspela som kjem, er diverre urealistiske. Vi har anten ikkje råd til det, eller så er dei store, men for smale på Os. Det er mange omsyn å ta, seier Hylland.

- Kven er realistisk å ønskja seg til Os, og Osfest?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Osfest kan i dag trekkja til seg namn som Kurt Nilsen, Dumdum Boys, og kanskje Kim Larsen. Eg har prøvd Kim Larsen fleire gonger, og har ikkje gitt opp. Det er på det nivået vi ligg per no. Skal vi "opp", så kostar det mykje pengar. Når vi er endå meir etablert, og har eit større publikum, kan vi kanskje ta steget opp. Om vi i dag hadde gått for ein slik artist, og det ikkje hadde blitt vellukka, så hadde vi slite i mange, mange år med etterslep, seier Hylland og held fram:

- Det er ein del nærliggjande festivalar som har måtta kasta inn handkleet. Det er fordi at det er tungt arbeid, men aller mest på grunn av økonomien.

Byggjer ned for å byggja opp

Osfest 2017 er sikra. Etter hard jobbing mot kreditorar, kom dei til slutt i hamn. På mange måtar står og fell Osfests eksistens på årets festival. Sviktar publikum i år, er det kanskje kroken på døra for festivalen.

- Vi byggjer ned festivalen i år, for så å kunna byggja oss opp att på sikt. Det blir ingen båt-konsert i år, heller ikkje noko VIP-telt. Vi har berre kveldsarrangement fredag og laurdag. Då er vi også avhengige av færre frivillige. I fjor var det 370 frivillige. Fleire enn nokonsinne. I år håpar eg at det skal vera nok med kring 250, slik at nokre av eldsjelene kan få litt fri, og at vi ikkje brenn dei opp, seier Hylland, som legg til at sjølv om dei har nedskalert, skal det ikkje forringa kvaliteten på Osfest.

Fekk suite på Solstrand

Ein ting er sikkert. Renomméet til Osfest blant artistane er det ingenting å seia på. Agentar tek kontakt med Hylland for å prøva å få sine artistar inn på programmet. Heilt frå dag éin har fokuset på å gje dei som skal opptre ei god oppleving vore viktig for arrangøren.

- Dumdum Boys fekk suite på Solstrand det første året. Dei har nok aldri budd så fint før. Vi har levert på den delen frå dag éin. Tilbakemeldingane frå agentane er positive. Det var dei sist etter arrangementet vesle nyttårsaftan på Nore Neset også.

- Framtida ligg på Kuventræ

- Blir Osfest i sentrum i 2018?

- Det kan eg ikkje svara på no. Vi har god dialog med kommunen, og så får vi bare se kva som skjer, seier Hylland, som likevel vedgår at han ser føre seg at Osfests framtid ligg på Kuventræ.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om det blir på Kuventræ, så kan det likevel skje mykje i sentrum. Kjem det nok folk, kan vi setja i gang fleire arrangement, litt som dei gjer på Tysnes. Der tek dei i bruk så å seia heile øya. Det er billegare å rigga og drifta festivalen på Kuventræ. Eg ser det som ei god og naturleg løysing på sikt, når dei er ferdige med fleirbrukshallen. Festivalen vil då framleis vera sentrumsnær, men vi får eit større område å boltra oss på, og som sagt, det kan framleis skje ting i sentrum, seier Hylland.

- Tek sjølvkritikk

Osfest 2017 er berre eit halvår unna. Primus motor Hylland er meir spent enn dei føregåande åra.

- Det er grunna ein kombinasjon av at vi ikkje har råd til å mislukkast eit år til, og fordi eg er så nøgd med programmet, og at vi i år har eit betre program for dei yngre festivalgjengarane. Eg håpar og trur at det vil slå an, seier Hylland.

Han har ingen problem med å innrømma at festivalleiinga ikkje har treft godt nok med programmet for å trekkja til seg ungdommen.

- Eg tek sjølvkritikk. Når ein ser tilbake på dei føregåande festivalane, er det nokre artistar som har vore veldig gode, og andre som har vore mindre gode. Publikum har gått frå festivalområde, og eg har jobba med å finna ut kvifor. Programmet var på mange måtar veldig godt i fjor, men vi trefte ikkje ungdomen. Ringrevar kom med tilbakemeldingar om at dei likte programmet, men for få av dei kom til festivalen. Med det programmet vi hadde, trur eg ikkje vi hadde kunna lukkast i Bergen heller. Det trefte ikkje breitt nok. I tillegg la vi som sagt opp programmet feil. Ungdomen er nok ikkje alltid blitt like godt i varetekne. Eg er audmjuk og inkluderande, og kan ikkje sitja på min høge hest og peika på andre for at det gjekk som det gjekk. Det er til sjuande og sist vår feil.